[Litt om meg]

145724506_466165324583289_7391548597134621440_n

hallbjørg eidhamar

mat og hageblogg

Eg er ei mat og hageglad dame i min beste alder som bur fantastisk til på Nessane i Høyanger kommune på ein av dei mange flotte plassane i Sogn og Fjordane. Eg er utdanna til og arbeider som lærar for ein fantastisk gjeng elevar. Eg har i fleire år vore rektor/styrar, men valde hausten 2019 å gå over til å berre vere lærar. Kontakten med elevane er det som gjev meg mest glede i jobben min som lærar. 


Mi store interesse er dyrking av grønnsaker i eigen hage etter økologiske prinsipp og å nytte grønnsaker og lokale råvarer i matlaging. Eg er veldig glad i å eksperimentere og prøve nye ting innan hage og mat. På bloggen ynskjer eg å dele erfaringar, kunnskap og hage/matglede.



Oppskrifter
Hageinnlegg
Kreative idear

Eg bur på eit nes ute i sjøen omlag i midten av Sognefjorden, og er omgitt av vakker natur, fjord og høge fjell. Eg har ein ganske stor hage, der grønnsakene har hovudfokus. Eg har høner og ender som får gå fritt rundt i hagen. Eg sette sommaren 2020 opp eit 20 kvadrat stort drivhus med utsikt ut over Sognefjorden, noko som gjev meg mykje glede både i høve vakre solnedgangar og dyrking av planter.

Dei enkle gledene er ofte dei beste. Ta vare på augeblikka, ikkje vent til i morgon!

- Hallbjørg Eidhamar

mitt fokus

mitt fokus

Eg er oppteken av å dyrke grønnsaker på ein berekraftig måte utan bruk av kunstgjødsel og sprøytemiddel, der ein forbetrar jorda i staden for å utarme den. Eg prøver å tenkje gjenbruk, og på korleis vi kan bidra til å utnytte ressursane på ein miljøvenleg måte. Eg komposterar matavfallet, både gjennom vanleg varmkompost og bokashi. Eg brukar naturleg gjødsel, alt frå markdekking og hønsemøkk, til brenneslevatn. Eg brukar så langt som råd eigendyrka og lokale råvarer i matlaginga. 

Mist aldri eit innlegg

Som følgar av sida får du melding om innlegg, oppskrifter og tips kvar veke