Nytt og større hønsehus
Fjorårets store prosjekt var å bygge nytt og større hønsehus og større hønsegard med tett tak over slik at vi er godt rusta dersom det kjem nytt påbod om portforbud for høner. Vi brukte stort sett heile seinsommaren på prosjektet, så det vart minimalt med tid til andre oppgåver denne perioden.

Fjorårets store prosjekt var å bygge nytt og større hønsehus og større hønsegard med tett tak over slik at vi er godt rusta dersom det kjem nytt påbod om portforbud for høner. Vi brukte stort sett heile seinsommaren på prosjektet, så det vart minimalt med tid til andre oppgåver denne perioden.

Prosjektet var forholdsvis stort for to som ikkje er snekkarar, men vi gjekk på med godt mot. Mannen i huset er, heldigvis for meg, svært praktisk anlagt, og får difor til stort sett det meste han set i gang med 🙂 Utfordringa stod i å få rette vinklar frå start. Vi greidde det nesten... noko som førte til at vi likevel fekk litt skeivheit som vi heile tida måtte justere litt for når vi bygde. Vi såg og at vi burde planlagt slik at vi fekk 60 cm heile vegen med tanke på stender - ein lærer så lenge ein lever. Vi vart likevel godt fornøgd med totalresultatet til slutt. Hønsegarden er laga av stengene etter nokre store partytelt som vi fekk, og dekka med netting både i sider og tak. Nettingen, Sintoflex, har vi kjøpt av bedrifta her i nabolaget, Nessemaskin as. Vi har brukt denne nettingen mykje tidlegare og. Den er lett å arbeide med og feste, men er likevel solid på å halde ute rovdyr. Vi kjøpte gjennomsiktige takplater til å dekke halve taket, og har ei svær presenning liggande klar til å dekke resten dersom det vert portforbud.

Verpekasser er i plast av typen med forsvinningskasse for egga. Dei er lette å hekte opp og ned av veggen for reingjering. Vi har kjøpt drikkekar med flottør hos Nessemaskin som er kopla på vatn. Dette fungerer kjempebra så lenge det er frostfritt. Når frosten kjem, må vi skru av vatnet og bere vatn. Då har vi hengande vassautomatar i taket som vi fyller på kvar dag. Vi har ein stor matautomat ståande på golvet som rommer 25 liter, så denne varer ei stund. Vi har kjøpt varmerøyr med termostat for oppvarming og overvakningskamera inne i hønsehuset for at vi skal ha kontroll på korleis dei har det, og når vi ikkje er heime. Vi har lysrøyr med timer for å ha godt lys på dagtid i vinterhalvåret. Vaglene er laga av litt mellomtjukke greiner som vi har hogd ned ute. Vi har i tillegg laga ei avlang luke på eine veggen slik at det er lettare å måke ut gammalt strø når det skal skiftast. Det er rovdyrsikker luke med automatisk opning som er tidsinnstilt, men som i tillegg stilt inn etter lys. Luka går ikkje opp før kl 10.00 om morgonen for å redusere støy med tanke på naboar. Vinduet fekk vi frå ei triveleg dame i Balestrand som hadde nokre vindauge ståande lagra som ho ville bli kvitt.

Vi har tenkt til å gjer litt meir i utegarden for å skape meir variasjon i aktivitetar hønene kan drive med på dagtid. Dette kjem etterkvart.

Etter ein liten navnekonkurranse på Instagram/Facebook, har hønsehuset fått navnet: Galehuset Casa de Chikas 🙂

Under her har eg lagt ein del bilder og videoar slik at de kan sjå framgangen på prosjektet.

Videoar frå byggeperioden:

Når luka opnar seg om morgonen står gjengen klar. Utruleg morsomt å sjå korleis dei "ploppar" ut. Luka gjekk dessverre ikkje heilt opp denne dagen, men ut kom dei seg likevel 🙂

One thought on “Nytt og større hønsehus

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *