Såing i desember
Etter å ha reparert det gamle drivhuset etter vinden sine herjingar, nytta eg nokre mildare dagar i romjula før neste kuldeperiode kom til å grave ned bokashi-kompost i kassene for jordforbetring. I den samanheng fann eg ut at eg kunne så nokre vekster for til tidleg spiring. På denne måten kan drivhussesongen utnyttast i atskillig større grad. Målet er at dette skal kunne haustast før nye planter skal ned i samme kassene i midten/slutten av mai.
Valte å så ruccola, rosensalat, gulrot og salatløk, og er no spent på korleis dette går. Etter at frøa var sådd, dekte eg kassene med eit lag med snø. På denne måten vil snøen isolere litt mot kulde, men samtidig gje naturleg vatning når den smeltar.
Oppdatering på prosjektet vil komme 🙂