Hageutsal

Opningstider

Hageutsalet er ope for besøk dersom vi er heime. Skriv ei melding under innlegget, ring eller send ei melding på Facebook, Instagram eller sms: 92055176 for å gjer ein avtale om å komme innom eller å handle. Her kan du vere med og plukke ut akkurat dei grønnsakene (når det er sesong for det) du vil ha direkte frå åker og drivhus.

I hageutsalet har eg ulike grønnsaker for sal i avgrensa mengde alt etter kva som er modent. I tillegg har eg egg for sal. Prisane for grønnsaker og egg samsvarar med vanlege prisar for grønnsaker og egg som er dyrka utan bruk av kunstgjødsel og sprøytemiddel.

Eg vil under presentere det eg har for sal. Ettersom det er ulikt og kan variere kva som er modent, vil det av og til vere tomt av enkelte varer. Om det blir meir, kan du få tilbod om å stå på venteliste på det eg ikkje kan levere.

Grønnsaker for sal

Tomatar

Assortert utval tomatar i ulike fargar og storleikar

Kr 40,- for ein liten pose

Bunt med løk

Bunt med 3 stk løk raud og/eller gul.

Kr 45 pr. bunt

Lilla spisskål

Nydeleg lilla spisskål, nesten for vakker til å ete 🙂

Kr 50,- pr stk

Lilla blomkål

Lilla blomkål med ein fantastisk fin farge. Smakar som vanleg blomkål.

Kr 50,- pr stk

Aspargesbønner

Store, flotte aspargesbønner. Nydeleg som tilbehør til middagen. Bør ikkje overkokast.

Kr 40,- pr bunt på omlag 200 gram

Lite guloransje graskar

Vakker i fargen. Kan brukast både som tilbehør til middag, i gryter, i wok, i kaker og i suppe. Vekt pr stk er omlag 400 gram.

Kr 30,- pr stk

Lilla knutekål

Nydeleg både som snackc i matpakken, i stavar med dipp til eller for eksempel riven i råkost som tilbehør til middag eller i tacoen.

Kr 25,- pr stk

Agurk

Har både slangeagurk og miniagurk for salg

Kr 25,- for miniagurk ( omlag 15 cm lange)

Kr 35,- for slangeagurk (25-30 cm lang)

Grønkål

Bunt grønnkål på omlag 200 ram

Kr 40,- pr bunt

Squash

Store flotte squash, ein del større enn dei du kjøper i butikken. Kan vere opp til 2-2,5 kg.

Kr 50,- pr stk

Salat

Pose med vaska blanda type salat.

Kr 40,- pr pose

Persille

Bunt med persillle.

Kr 40,- pr bunt

Ringblomst

Bukett med ringblomster i ulike fargar

Kr 60,- pr bukett

Egg

Egga er frå vaktlar og frittgåande høner av ulike rasar, og fargane på egga varierer frå mørkebrune, lysare brun/beige til kvite. I løpet av juli/august vil det og komme blå og grønne egg. Hønene får økologisk for, i tillegg til at dei får gå ute og ete det dei naturleg finn ute i hagen. Dette er med på å gje egga ei nydeleg mørk gul farge på plommen.
Pris:
7-pk eggekarusell: 40,- kr
12-pk rektangulær kartong: 55,- kr

12-pk vaktelegg: 40,- kr

4 thoughts on “Hageutsal

  1. I?m impressed, I must say. Really rarely do I encounter a blog that?s both educative and entertaining, and let me tell you, you have hit the nail on the head. Your idea is outstanding; the issue is something that not enough people are speaking intelligently about. I am very happy that I stumbled across this in my search for something relating to this.

Comments are closed.