Har fått Cream Legbar og Silverudd blå kyllingar, som legg blå og grønne egg, i hus – påskelykke!
Gleda var stor over å flytte over 8 nydelege kyllingar i sin nye heim. Kyllingane er av typen 3 Cream Legbar, 3 Silverudd blå og 2 som er blanding av Silverudd blå og Bielefelder. Kyllingane er kjønnssortert med berre hønekyllingar og er rundt 5 veker gamle, så dei vil starte med å legge egg i juli/august. Blir så spennende å sjå kva fargar egga får

I innlegget mitt Naturleg farga påskeegg – til å bli glad av! – Den naturlege hagen skreiv eg at eg hadde som mål å få tak i nokre rasar som legg blå og grønne egg. Dagen etter kom eg over ei annonse frå nokon som selde nettopp dette. Dokkehuset i hagen vart omgjort til midlertidig kyllinghus ettersom kyllingane må haldast under tak grunna fugleinfluensa, og at dei ikkje kan setjast saman med resten av hønseflokken før dei vert større.

Alle golv og hyller i dokkehuset vart dekt med plast, deretter fylte vi spon på golvet og laga vaglepinne. Deretter var eg fekk kjøpt ny foringsautomat, drikkeautomat og varmelampe på Nessemaskin AS – Bondens Supermarked som er ei lokalbedrift her. Så gjekk turen til Førde der eg hadde avtalt møte med selgar henting av kyllingar.

Gleda var stor over å flytte over 8 nydelege kyllingar i sin nye heim. Kyllingane er av typen 3 Cream Legbar, 3 Silverudd blå og 2 som er blanding av Silverudd blå og Bielefelder. Kyllingane er kjønnssortert med berre hønekyllingar og er rundt 5 veker gamle, så dei vil starte med å legge egg i juli/august. Blir så spennende å sjå kva fargar egga får

På bildet til høgre ser du ei blanding av Bielefelder og Silverudd blå. Bielefelder legg eigentleg brune egg. Egga med denne blandinga kan få ein olivenfarge.

Den kvitfarga kyllingen i midten er ein Silverudd blå kylling. Silverudd blå legg store grønfarga egg på mellom 50-65 gram.

Bildet til høgre viser ein Cream Legbar kylling. Cream Legbar legg store blå/turkise egg på 50-60 gram.

Her er eit lite filmklipp dei søte små: https://youtu.be/_xFUzZcjNnk

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *