Det er så fantastisk å kunne plukke egg kvar einaste dag med ulike fargar og mønstre. Det er utruleg kor ulike hønseegg kan bli i utsjånaden. Med ulike hønserasar og gjerne litt blandingsrasar i tillegg, blir resultatet av egga kjempeflott å sjå på! Målet er og å få tak i nokre rasar som legg blå/grønne egg. Då vil fargespekteret bli komplett Kven treng vel måle eller farge egg til påske når hønene sjølv gjer slik ein flott jobb? Og ikkje berre er dei vakre å sjå på, dei smakar og godt. Med knallgulfarge på plomma grunna at dei får ete naturleg fôr som gras, ugras, matrestar og småkryp.
Bilda av hønene og hanane over er ikkje tekne no, ettersom det har vore portforbod for tamfugl i Norge sidan slutten av november grunna fugleinfluensa. Med portforbod meinast det at dei må vere inngjerda under tak slik at dei ikkje kjem i kontakt med villfugl og vert smitta. Men håpet er at det snart vil roe seg slik at dei igjen kan spankulere rundt i hagen, vaske fjøra sine i jorda under busker og tre, og krafse i rusk og lauv for å finne insekt og småkryp - då er hønene i sitt paradis
I tillegg til at hønene er flotte å sjå på, legg fine egg og et matrestar som elles ville blitt kasta, produserer dei og super gjødsel for grønnsaker og planter. Matrestar som hønene ikkje et, går såklart i komposten og blir til god jord, så her blir alt nytta. Då får ein eit naturleg kretsløp - så høner i hagen kan anbefalast på det sterkaste
Jeg ønsker meg også høner i hagen! Ser så koselig ut!
Ja, det skulle du hatt Nina 🙂 Om du har plass, bør du skaffe deg det. Men vent til etter fugleinfluensa er over 😉