HEIMELAGA FISKEKAKER MED OVNSSTEIKTE GRØNNSAKER OG RAMSLØKDRESSING
Heimelaga fiskekaker er fantastisk godt! Mykje betre enn kjøpte. Med fersk purreløk og gode krydder, steikt i ei fresande steikepanne og med godt tilbehør. Her er tilbehøret ovnsteikte tomatar og asparges. Det er berre til å nyte.....bon appetit!

Under ser du det siste blogginnlegget. På høgre side finn du ei liste over alle dei siste innlegga

Heimelaga fiskekaker er fantastisk godt! Mykje betre enn kjøpte. Med fersk purreløk og gode krydder, steikt i ei fresande steikepanne og med godt tilbehør. Her er tilbehøret ovnsteikte tomatar og asparges. Det er berre til å nyte.....bon appetit!

Heimelaga fiskekaker med ovnssteikte grønnsaker og ramsløkdressing

Fiskekaker

Ingrediensar:

600 g fiskefilet (gjerne hyse og/eller lyr)
1-2 ts salt (viktig å smake til både farse og gjerne lage ein prøvekake)
1,5 ss potetmjøl
1 egg
1 dl mjølk
0,25-0,5 ts peppar (smak til)
2-3 ss purreløk
2 ss smør eller olje (til steiking)

Framgangsmåte:

Mal fiskefiletane med kvern eller foodprossesor. Bland med salt i omlag 30 sekund. Bland inn potetmjøl og peppar. Tilsett egg og spe med mjølk. Bland inn hakka purreløk. Form kaker i passe storleik og steik på middels varm steikepanne til dei får fin farge. Legg på fat. Om dei skal frysast, må dei kjølast ned først. Server med ovnssteikte cherrytomat og asparges. Steik grønnsakene omlag 20-30 minutt i ovnen på 200 grader. Vend grønnsakene i olivenolje og maldonsalt og kverna peppar før du set dei i ovnen. Og så ein god ramslaukdressing til! Om du ynskjer potet til, kan du såklart lage det, gjerne potetbåtar steikt i ovnen 200 grader med olivenolje, salt og peppar på.

Ramslaukdressing

Ingrediensar:

2 dl rømme (lettrømme eller seterrømme, gjerne ei blanding)
1 ts honning
Eit par klyper maldonsalt
Nykverna peppar (smak deg fram)
1-2 ts ramsløksalt (Om du ikkje har dette kan du erstatte med kvitløk/løksalt. Smak deg fram)
1 ts god olivenolje

Framgansmåte:

Band alle ingrediensane godt. Det er viktig å smake seg fram med krydderet etterkvart, spesielt med saltet. Smaken er ofte ulik. Smaken blir øydelagt om ein får for mykje salt og krydder. Eg vil legge ut oppskrift på å lage eige ramsløksalt når sesongen for ramsløk kjem i mai/juni.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *