Spicy glutenfri squashlasagne
Så er vi kommen til den tida av året at det er grønnsakene som er på topp i hagen som bestemmer kva middagen består av. Akkurat no er det masse store squash i hagen som kan bli til mykje godt. Denne gongen vart det ein litt spicy variant av lasagne med squash som erstatter for pastaplatene. I tillegg til kjøttdeig, har eg og brukt choizopølse i fyllet saman med kvitløk og chili.

Så er vi kommen til den tida av året at det er grønnsakene som er på topp i hagen som bestemmer kva middagen består av. Akkurat no er det masse store squash i hagen som kan bli til mykje godt.

Denne gongen vart det ein litt spicy variant av lasagne med squash som erstatter for pastaplatene. I tillegg til kjøttdeig, har eg og brukt choizopølse i fyllet saman med kvitløk og chili.

Ingrediensar

Fyllet:

1-2squash (avhengig av storleiken på squashen)
450 gram kjøttdeig
3 små chorizopølser
1 boks hermetisk tomat
3 ss tomatpure
1 løk
5 fedd kvitløk
1 chili
Ei stor skål med spinattoppar eller spinatblad
Omlag 1 dl kremfløyte

Ostesaus:

ca 4 dl riven ost
5 dl H-melk
2 ts Johanneskjernemel (glutenfritt) eller 3 ss kveitemjøl (ikkje glutenfritt) 
Riven muskattnøtt
salt og peppar

Topping:

Omlag 6 dl riven ost

Framgangsmåte:

Skjer skiver av squashen med ostehøvel. Dryss salt over skivene, slik at du trekker ut saltet. La dette ligge medan du lagar det andre.

Set steikovnen på 200 grader. Steik først løken i steikepanne. Ha i kjøttdeig og steik. Ha deretter i finhakka chili og kvitløk og chorizopølse i bitar. La dette surre i saman i eit par minutt før du har i tomatpure. La den surre med i nokre minutt for å brenne vekk bitterheiten. Ha deretter i resten av tomatane. La dette små putre ei stund før du smakar til med salt, peppar og kremfløyte.

Lag deretter ostesausen. Rør ut Johanneskjernemel med melka. (Om du lagar med kveitemjøl, lagar du sausen på vanleg måte med å smelte smør, røre inn mjøl og spe med melk)Riv litt muskattnøtt over. Kok opp og la putre nokre minutt før du har i riven ost og smakar til med salt og evt. peppar.

Legg lagvis i forma. Start med kjøttsaus, deretter squashplater, så kvit saus. Legg fleire slike lag, og avslutt med ost på toppen. Steik på 200 grader i ca 40 minutt, over/undervarme.

Serverast med ein god salat og gjerne litt brød om ein ynskjer det. 

salt og peppar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *