Steambuns med steikt squash, sylta raudløk og chilimajones
Denne retten har blitt ein favoritt her i huset. Det er den perfekte kosematen på ein laurdagskveld 🙂 Veldig godt på smak, mettande og ein rett som fell i smak hos dei fleste. Og så er det jo så utruleg kjekt å kunne bruke dei ferske og gode grønnsakene rett frå hagen til å lage slike spennende og gode rettar!

Denne retten har blitt ein favoritt her i huset. Det er den perfekte kosematen på ein laurdagskveld 🙂 Veldig godt på smak, mettande og ein rett som fell i smak hos dei fleste. Og så er det jo så utruleg kjekt å kunne bruke dei ferske og gode grønnsakene rett frå hagen til å lage slike spennende og gode rettar!

Oppskrifta til dette fann eg i Grønnsakskokeboka som er skrive av Tom Victor Gausdal og Stian Floer. Er du glad i å bruke mykje grønnsaker i maten, kan denne boka anbefalast på det sterkaste. Eg har bytta ut den sprøsteikte løken som det står at du kan ha som tilbehør i kokeboka med sylta raudløk, fordi eg synst det var ein betre kombinasjon. I tillegg brukar eg ein del mindre sukker i steambunsa, men dette er ein smaksak. For å lage steambuns, treng du ein bambusdampar eller ein dampkjele. Eg brukar ein dampkjele til dette, noko som funkar heilt utmerka. I tillegg byttar eg ut kveitemjølet med fin spelt, noko som fungerar heilt greitt.

Oppskrift er til 4 personar:

Steambuns

650 gram kveitemjøl
6 ss sukker
3 ss mjølkepulver
1/2 pk tørrgjær
1/2 ts bikarbonat/natron
1/2 ts bakepulver
2,5 ss raps eller solsikkeolje
3,5 dl lunka vatn

Elt deigen godt og la heve under klede til dobbel størrelse. Bak deretter ut rundt 25 like stor bollar som du set på eit bakepapirkledd steikebrett. Dekk til og la heve til dobbel størrelse. Når dette er gjort, kjevlar du dei ut til ovale rundingar, penslar halvdelen med olje og brettar dei saman før du legg dei tilbake på steikebrettet. Dekk til og la dei heve til dobbel størrelse. Når dei er ferdig heva, lar du dei dampe i dampkjele/bambusdampar i omlag 4 min med lokket på. Ta dei opp og legg dei på rist. Dekk til slik at dei ikkje tørkar ut.

Steikt squash

Eg synst den eigentlege oppskrifta er litt for lita, så pleier å doble oppskrifta under.

1 squash
1 ss søt eddik (eg brukar bringebæreddik som eg lagar sjølv, men får kjøpt ein del gode eddikar)
1 ts løkpulver (dette kan du lage sjølv ved å tørke opphakka løk i ovnen og male det til pulver)
1 ss soyasaus

Del squashen i skiver. Steik skivene i olje i steikepanna til dei er gyldenbrune. Når alle skivene er steikt på begge sider, legg du dei i panna, heller over eddik, soyasaus og løkpulver, og lar det surre i panna ei stund. Snu på skivene innimellom.

Chilimajones

2 eggeplommer
1 ss sennep (gjerne dijon)
2 ss kvitvinseddik
ca 5 dl ekstra virgin rapsolje
ca 1/2 ts salt
litt kajennepeppar eller chilipulver
srirachasaus

Ha alt i ein bolle utanom oljen og srirachasausen. Visp mens du sper forsiktig med olje i ein tynn stråle. Eg brukar stavmiksar med visp til dette. Når du har fått ein majones med god konsistens, kan du smake til med srirachasaus til det er passe.

Sylta raudløk

2 raudløk
1,5 dl vatn
1 dl sukker
0,5 dl eplecidereddik
0,25 ts peppar

Del raudløken i skiver. Kok opp dei andre ingrediensane og ha i raudløken. La dette stå og trekke ei stund. Ha det gjerne over i eit glas med lok. Kan oppbevarast i kjøleskap nokre veker.

Tilbehør

Hakka purreløk/vårløk
Hakka bladpersille og /eller koriander
Hakka fersk chili
Sylta raudløk eller sprøsteikt løk

Slik gjer du det:

Opn opp steambunsen. Fyll i med chilimajones, steikt squash, sylta raudløk, purreløk, urter og chili. Så er det berre å nyte! God fornøyelse!


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *