Den naturlege hagen
dyrking og mat
hage
Formålet med denne sida er å dele gleden med å lage mat av eigendyrka grønnsaker og lokale råvarer, og gleden ved å dyrke og å få planter til å gro i hagen på den naturlege måten - ved å spele på lag med dei naturlege prosessane.
oppskrifter
kategori
Under finn ulike oppskrifter og tips
litt om meg
om meg
Dei enkle gledene er ofte dei beste. Ta vare på augeblikka, ikkje vent til i morgon!
Hallbjørg eidhamar
den naturlege hagen
hallbjørg eidhamar
Den naturlege hagen
Eg er ei mat og hageglad dame i min beste alder som bur fantastisk til på Nessane i Høyanger kommune på ein av dei mange flotte plassane i Sogn og Fjordane. Eg er utdanna til og arbeider som lærar for ein fantastisk gjeng elevar. Eg har i fleire år vore rektor/styrar, men valde hausten 2019 å gå over til å berre vere lærar. Kontakten med elevane er det som gjev meg mest glede i jobben min som lærar.
Mi store interesse er dyrking av grønnsaker i eigen hage etter økologiske prinsipp utan kunstgjødsel og sprøytemiddel, og å nytte grønnsaker og lokale råvarer i matlaging. Eg er veldig glad i å eksperimentere og prøve nye ting innan hage og mat. På bloggen ynskjer eg å dele erfaringar, kunnskap og hage/matglede.
Eg bur på eit nes ute i sjøen omlag i midten av
Sognefjorden, og er omgitt av vakker natur, fjord og høge fjell. Eg har ein
ganske stor hage, der grønnsakene har hovudfokus. Eg har høner og ender som får
gå fritt rundt i hagen. Eg sette sommaren 2020 opp eit 20 kvadrat stort drivhus
med utsikt ut over Sognefjorden, noko som gjev meg mykje glede både i høve
vakre solnedgangar og dyrking av planter.
Eg er oppteken av å
dyrke grønnsaker på ein berekraftig måte der ein forbetrar jorda i staden for å
utarme den. Eg prøver å tenkje gjenbruk, og på korleis vi kan bidra til å
utnytte ressursane på ein miljøvenleg måte. Eg komposterar matavfallet, både
gjennom vanleg varmkompost og bokashi. Eg brukar naturleg gjødsel, alt frå
markdekking og hønsemøkk, til brenneslevatn. Eg brukar så langt som råd
eigendyrka og lokale råvarer i matlaginga.
Populære postar
Populære
Under finn du dei mest populære postane
Velkommen til den nye sida mi og bloggen min "Den naturlege hagen".....
Naturleg farga påskeegg – til å bli glad av!
Eg har ulike planter for slag, både ulike typar tomat, paprika, agurk og chili. I tillegg vil det komme litt fleire ting etterkvart. Plantene vil vere klar for sal i starten/midten av mai, men kan bestillast i førekant. Eller du kan ta turen innom for å sjå og velje sjølv. Gå inn på sida og sjå
oppskrifter
oppskrifter
Oppskrifter og tips på sida
Heimelaga fiskekaker med ovnssteikte grønnsaker og ramsløkdressing
norsk
Heimelaga fiskekaker er fantastisk godt! Mykje betre enn kjøpte. Med fersk purreløk og gode krydder, steikt i ei fresande steikepanne og med godt tilbehør...bon appetit!
Ravioli med spinat og kremost
ITALIA
Heimelaga pasta er supergodt! Mykje bedre enn kjøpt pasta. Og du må legge ein god porsjon kjærleik i knainga av pastaen for å få den smidig.
Eg har her laga ein klassisk variant, ravioli fylt med spinat og ricotta. Ravioli kan fyllast med mange typar ulike fyll, så her er det berre å bruke fantasien og smaksansane.
ITALIA
Dagens suppe er gulrotsuppe toppa med rømme og rista spisskummen og graskarfrø.
Gulrøtter er eigentleg ei heilt fantastisk grønnsak. Dei er kalorifattige, fiberrike og innheld betakaroten som vert omdanna til A-vitamin i kroppen. Dei inneheld og C-vitamin, kalium og magnesium.
Kontakt meg
kontakt
Om du ynskjer kontakt med meg, kan det gjerast ved å sende ei melding under. Evt. kan du sende e-post til adressa nedst på sida.