Gulrotsuppe med rista spisskummen og graskarfrø
Dagens suppe er gulrotsuppe. Gulrøtter er eigentleg ei heilt fantastisk grønnsak. Dei er kalorifattige, fiberrike og innheld betakaroten som vert omdanna til A-vitamin i kroppen. Dei inneheld og C-vitamin, kalium og magnesium.

Dagens suppe er gulrotsuppe. Har fortsett igjen mykje av gulrotlageret etter fjorårets dyrkingssesong. Sunne, store og gode gulrøtter som er dyrka heilt utan sprøytemiddel og kunstgjødsel. Og gulrøtter er eigentleg ei heilt fantastisk grønnsak. Dei er kalorifattige, fiberrike og innheld betakaroten som vert omdanna til A-vitamin i kroppen. Dei inneheld og C-vitamin, kalium og magnesium. Gulrot er ein 2-årig rotvekst, der den andre året går i blomst og dannar frø. Gulrot er godt til mykje, mellom anna som tilbehør til middag, juice, snacks med eller utan dip og i dag som suppe. I denne suppa har eg brukt kremfløyte for å gje fylde og ein rundare smak, men ein kan godt erstatte det med kokosmelk for å få eit litt anna smaksbilete. I tillegg har eg rista graskarfrø og spiskummen som topping til suppa saman med rømme og frisk persille. Koriander er også godt til denne suppa, både frisk og rista korianderfrø er godt til.

Ingrediensar

900 g gulrøtter(ferdig skrella)
1,5 løk (raud og/eller gul)
3-4 fedd kvitløk
1 liten chili
3-4 cm ingefær
1 l kylling eller grønnsaksbuljong
3 dl kremfløyte eller kokosmelk
1-2 lime
maldonsalt
grovmalt peppar
Frisk persille eller koriander
Olje eller smør til steiking

Topping

Graskarfrø
Spisskummenfrø og/eller korianderfrø
Evt. solsikkefrø
Rømme

Framgangsmåte

Skrell og del opp gulrøtter i bitar. Hakk løk, kvitløk og chili. Skrell og riv ingefær.

Start med å surre løk i olje i ei gryte. Når løken er blitt blank, har ein i finhakka chili og kvitløk og let dette surre med i omlag eit minutt. Ha deretter i riven ingefær og gulrotbitane. Rør litt rundt, før ein tilsett krafta. Kok opp og la det småkoke under lokk i omlag 30 min. Rør om inn i mellom for åpasse på at det ikkje svir seg i botn av gryta.

Medan suppa kokar, kan du riste frøa til toppingen. Bruk ei tørr steikepanne på middels høg temperatur og rist eller rør rundt med ein steikespade slik at dei ikkje vert svidd. Når frøa får ein gyllen farge og du ser at frøa vert litt "blanke" på utsida, er dei ferdige. Ta dei av varmen og tøm dei i ei skål.

Når gulrøttene er gjennomkokt (kjenn gjerne med ein kniv), mosar du suppa jamn med ein stavmiksar. Ha deretter i fløyte eller kokosmelk. La dette småkoke med i nokre minutt. Smak til med lime, salt og peppar.

Server suppa toppa med rømme, rista frø og frisk koriander eller persille. Vel bekomme!

One thought on “Gulrotsuppe med rista spisskummen og graskarfrø

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *