Jordskokksuppe med jordskokkchips
Jordskokk er eigentleg ein fantastisk grønnsak. Jordskokk var mykje brukt i Norge før poteten kom på 1800-talet. Jordskokk er difor ei gamal kulturplante. Denne gongen har eg valt å lage suppe av jordskokken, toppa med sprø og gode jordskokkchips.

Jordskokk er eigentleg ein fantastisk grønnsak. Jordskokk var mykje brukt i Norge før poteten kom på 1800-talet. Jordskokk er difor ei gamal kulturplante. Den er knudrete og meir vanskeleg å skrelle, men meir velsmakande enn poteten. Jordskokken held seg aller best når den får stå ute i jorda heile vinteren. Det er jo litt ekstra kjekt å kunne spa opp rotgrønnsaker frå åkeren midtvinters. (dersom jorda ikkje er alt for frosen) Jordskokken har lågt fettinnhald og er rik på protein, folat, kalium og kostfiber. Jorskokk kan brukast både rå og varmebehandla. Det smakar godt i både suppe, mos og steikt i til dømes wok. Jordskokk kan gje litt luft i magen. Dette kan reduserast ved å koke den litt først (10 min), for deretter å tømme av kokevatnet+skum, før ein brukar den vidare.

Eg har denne gongen valt å lage suppe av jordskokken. I tillegg har eg toppa suppa med jordskokkchips og friske spirar. Eit nydeleg, varmande, velsmakande og fullverdig måltid.

Ingrediensar

Oppskrifta passar til omlag 4 porsjonar

1 kg jordskokk
2 dl kremfløyte
5-6 dl melk/vatn
1 løk
1-2 ss eplecidereddik
2 terningar kylling eller grønsakbuljong
salt
peppar
spirar eller urter til topping etter ynskje

Framgangsmåte

Skrell jordskokkane. Dette er nok det som tek lengst tid ettersom jordskokkane er litt knudrete. Del deretter jordskokkane i jamt store bitar. Grovhakk løken. Spar 2-3 av jordskokkane til å lage chips av.

Forkoking av jordskokk:
Ha jordskokkbitane i ein kjele. Fyll opp med vatn. Kok opp og la dette koke i omlag 10 min. Tøm av kokevatnet, og skyll jordskokkbitane litt. Denne prosessen vil vere med å minke sjansen for å få luft i magen av jordskokken.

Surr løken i litt nøytral olje. Ha deretter i jordskokken. La det surre i løken i 1-2 minutt. Ha deretter i vatn/melk og fløyte til det dekker jordskokkane fullstendig. Ha i buljongterningar. La dette småkoke til det er gjennomkokt, 30-40 min.

Mos suppa til jamn konsistens og smak til med salt, peppar og eplecidereddik. Spe med mei melk eller vatn om suppa blir for tjukk.

Lag deretter jordskokkchips. Del dei resterande 2-3 jordskokkane i tynne skiver. Varm opp olje i ein liten panne. Du kan sjekke at olja er varm nok ved å stikke skaftet av ei tresleiv ned i oljen. Når det begynner å boble litt rundt skaftet på sleiva, er oljen varm nok. Ha nokre skiver i gongen. (Om du har i for mange, blir oljen for kald) Friter jordskokkskivene til dei får ein gylden farge. Ta dei opp med ei holsleiv og legg dei på eit tørkepapir for å la oljen renne av. Dryss over litt salt og legg dei i ei skål. Gjenta prosessen med alle jordskokkskivene.

Server suppa med jordskokkchips til og nokre skiver til topping, gjerne saman med friske spirar eller urter. Vel bekomme!

One thought on “Jordskokksuppe med jordskokkchips

  1. Jordskokksuppe er fantastisk godt 🙂 og ikkje minst sunt! Eg lagar ho litt enklare..og med cremefraiche istadenfor mjølk/fløyte. Kan godt tenkje meg å prøve denne oppskrifta! Men det er vanskeleg å få tak i denne grønsaken her: lettare å dyrke sjølv 🙂

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *