Grønkålsuppe med vaktelegg- ei supergod vitaminbombe!
Grønkålsuppe er ein fantastisk god og i tillegg supersunn suppe. Og med vaktelegg i, vert det ei rein delikatesse!

Grønkålsuppe er ein fantastisk god og i tillegg supersunn suppe. Og med vaktelegg i, vert den ei rein delikatesse. I tillegg er grønkål og svartkål, i tillegg til fleire andre kålplanter, noko ein kan ha tilgang på heile vinteren når ein først har planta det. Den toler fint kuldegrader, og har friske nye skot heile vinteren. I tillegg er grønkål ein fleirårig plante, som ber frø andre året. Så har du først planta det, og let den stå til neste sommar, er du sjølvforsynt med grønkål og frø framover. Og så er det så utruleg kjekt å kunne plukke friske grønnsaker til middagen midt på vinteren!

Grønkål er rik på både C-vitamin, B-vitamin, A-vitamin, E-vitamin, B6-viamin, kalsium, kalium, folat og jern. Visste du at forresten at grønkål og svartkål er nokon av dei sunnaste grønnsakene du kunne ete?

Vaktelegga som eg har i suppa er kanskje små, men visste du at næringsinnhaldet i vaktelegg er omlag 3-4 gongar så høft som i vanleg hønseegg? Vaktelegg kan ofte etast av eggeallergikarar. Men dette bør i tilfelle testast med forsiktigheit. Allergenet Ovomucoid finst både i vaktelegg og hønseegg, så også vaktelegg kan gje allergiske reaksjonar.

I suppa har eg brukt både grønkål og svartkål, i tillegg til løk og seterrømme. Og god kraft/buljong. Suppa er rask og lage, og egnar seg difor godt til ein kvardagsmiddag der tida er litt knapp. Ein kan godt nyte brød eller rundstykke til, men personleg synst eg suppa mettar så godt at eg ikkje treng det.

Ingrediensar

250 g grønkål/svartkål
1/2 løk
1,5 l kraft/buljong
3 dl seterømme
Litt olje til å steike i
Muskatnøtt, peppar og salt

Framgangsmåte

Eg likar å ta vekk den grovaste stilken før eg deler opp blada. Dei grove stilkane finhakkar eg før eg har dei i gryta. Skjer opp blada i passelege bitar. Finhakk løken.

Surr løken i olje i ein kjele til den er blank. Ha deretter i grønkålen. Surr den litt saman med løken før du har i kraft/buljong. La det koke i omlag 15 min. Mos grønkålen med ein stavmiksar i kjelen. Ha i rømme. Kok opp og la småkoke nokre minutt. Smak til med riven muskatnøtt, salt og peppar.

Vaktelegga har eg kokt i 3 min, då er dei hardkokt. Om ein ynskjer ein meir smilande plomme, kan koketida reduserast til omlag 2,5 min.

Server gjerne med godt brød og godt smør.

Så er det berre å nyte!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.