Fiskesuppe med sylta portulakk
Dagens suppe er ei fiskesuppe der eg har hatt i sylta portulakk som gjev ein ekstra god og syrleg smak til suppa.

Etter mykje tung og god julemat i desember, smakar det godt med lette og velsmakande supper. Det er så utruleg mange gode supper ein kan lage. Dagens suppe er ei fiskesuppe der eg har hatt i sylta portulakk som gjev ein ekstra god og syrleg smak til suppa. Eg laga sylta portulakk frå eigen avling som står på glas klare til bruk. Ein kan få kjøpt dette på ulike delikatessebutikkar, men finn det vanlegvis ikkje i den vanlege matvarebutikken. Suppa kan lagast utan portulakk om du ikkje har tilgang på det. Denne oppskrifta er nok til 8-10 porsjonar

Portulakk er ei gamal kulturplante som vart dyrka allereie i middelalderen. Kan brukast både som spinat, i salatar, supper, wok, varm matlaging og til hermetisering. Den kan òg frysast. Portulakk er ein sukkulent som er rik på omega 3-fettsyrer C-vitamin og E-vitamin. Portulakken er rik på antioksidantar og har betennelsesdempande eigenskapar. Portulakken innheld og mykje kalium og magnesium. Blada er saftige, milde og litt syrlege. Både blad og stilk vert brukt.

Ingrediensar

3-4 gulrøtter
2 små eller 1 stor sellerirot
1/2-1 purreløk
2-3 potetar
400 laks/aure
400 kvit fisk som torsk, hyse, sei eller liknande
Reker om ein ynskjer det (ha i rett før servering)
1,5 liter fiskekraft eller fiskebuljong
3 dl kremfløyte
3 dl Creme Fraiche eller seterrømme
3- 4 dl sylta portulakk
Salt og peppar
Litt olje

Framgangsmåte:

Snitt grønnsakene i tynne stavar i passe lengder. Del fisken i terningar. Kutt den sylta portulakken i små bitar.

Surr gulrot og sellerirot blank i litt olje i ei stor jerngryte eller kasserolle. Ha deretter i fiskekraft eller fiskebuljong. Kok opp. Ha deretter i potet. La dette koke på svak varme i omlag 15 min. Ha deretter i seterømme/creme fraiche og kremfløyte. Kok opp og ha i purreløk og sylta portulakk. La dette småkoke i 5 min, før du har i fisken. La suppa småkoke i om lag 10 min. Smak til med salt og peppar.

Server gjerne med godt brød eller gode nysteikte rundstykker med godt smør. Så er det berre å nyte denne gode og velsmakande suppa.

2 thoughts on “Fiskesuppe med sylta portulakk

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.