Croissant – litt usunt, men veldig godt!
Vanlegvis er croissant noko eg et til hotellfrukosten. Men jammen er det godt å kunne unne seg ein liten utskeielse i kvardagen og innimellom.

Vanlegvis er croissant noko eg et til hotellfrukosten. Men jammen er det godt å kunne unne seg ein liten utskeielse i kvardagen og innimellom. Så då vart det baking av croissant. Vanskeleg? Nei, dei er ikkje så vanskelege å lage, men det tek litt tid. Deigen skal stå kaldt ei god stund før ein startar utbaking, gjerne natta over. Og sjølve utbakinga tek og nokre timar ettersom det skal stå kaldt nokre gongar i prosessen. Men du kor nydeleg det er når du er ferdig! Luftige og gode, gjerne servert med syltetøy eller marmelade. Men kan godt nytast utan og.

Ingrediensar

1kg kveitemjøl
20 g salt
1 pose tørrgjær
6 dl mjølk
2 egg
120 g sukker (kan redusere mengda om ein vil ha dei mindre søt)
500 g godt smør

Framgangsmåte

Bland saman alle ingrediensane utanom smøret. Væska skal vere kald. Elt deigen i ca 10 min med kjøkkenmaskin. Deigen er litt blaut til å elte for hand. Set deretter deigen kaldt i minst 3 timar, gjerne natta over. Dekk deigen til slik at den ikkje tørkar ut.

Legg litt mjøl utover bakebordet. Del deigen opp i 3 delar. Kjevle ut i 3 cm tjukke rektangel. Bruk ostehøvel til å skive av smøret. Legg dette på det eine rektangelet, legg eit nytt over og deretter eit lag til med smør. Avslutt med det siste rektangelet. Kjevle det ut litt 2-3 cm tjukkelse. Brett deretter deigen saman 2 gongar og legg den kaldt i minst 45 min.

Gjenta prosessen 2 gongar til.

Deretter kjevlar du ut deigen til eit rektangel med ein tjukkelse på omlag 4-5mm. Del deigen opp i trekantar og rull dei saman til croissantar. Start med å rulle frå den breiaste kanten mot spissen av trekanten.

La croissantane heve på bakebretta i ca 2 timar med eit kjøkkenhandkle over. Steik croissantane på midterste rille på 180 grader i 15-18 min.

Så er det berre å nyte! Bon apetitt!

One thought on “Croissant – litt usunt, men veldig godt!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.