[mine oppskrifter]

oppskrift oversikt

opskrift

Her kan du finne oppskrifter på ting/mat eg har laga

Ravioli med spinat og ricotta

Ravioli med spinat og kremost

Heimelaga pasta er supergodt! Mykje bedre enn kjøpt pasta. Og du må legge ein god porsjon kjærleik i knainga av pastaen for å få den smidig. 

Eg har her laga ein klassisk variant, ravioli fylt med spinat og ricotta. Ravioli kan fyllast med mange typar ulike fyll, så her er det berre å bruke fantasien og smaksansane.

Framgangsmåte
161452637_133627498676682_6638778016315315730_n


Heimelaga fiskekaker med ovnssteikte grønnsaker og ramsløksdressing 

Heimelaga fiskekaker er fantastisk godt! Mykje betre enn kjøpte. Med fersk purreløk og gode krydder, steikt i ei fresande steikepanne og med godt tilbehør...bon appetit!

Framgangsmåte
IMG_20210822_192910_751
Rødbetekaker med tahinidipp

Ein av haustens gode grønnsaker er rødbeten. Ein fantastisk grønnsak som både kan syltast, brukast i middag og i kaker. Når du deler den opp, er den i tillegg vakker å sjå på 🙂

Denne gongen valde eg å lage rødbetekaker med tahinidipp og steikte tomatar/portulakk til middag. I tillegg til grønnsakene som eg plukka i hagen, brukte eg kikerter. 


Framgangsmåte
Gulrotsuppe

Dagens suppe er gulrotsuppe toppa med rømme, rista spisskummen og graskarfrø. Gulrøtter er eigentleg ei heilt fantastisk grønnsak. Dei er kalorifattige, fiberrike og innheld betakaroten som vert omdanna til A-vitamin i kroppen. Dei inneheld og C-vitamin, kalium og magnesium.

Framgangsmåte
Jordskokksuppe med jordskokkchips

Jordskokk er eigentleg ein fantastisk grønnsak. Jordskokk var mykje brukt i Norge før poteten kom på 1800-talet. Jordskokk er difor ei gamal kulturplante. Denne gongen har eg valt å lage suppe av jordskokken, toppa med sprø og gode jordskokkchips.

Framgangsmåte
Fiskesuppe med sylta portulakk

Dagens suppe er ei fiskesuppe der eg har hatt i sylta portulakk som gjev ein ekstra god og syrleg smak til suppa. Eg laga sylta portulakk frå eigen avling som står på glas klare til bruk. Ein kan få kjøpt dette på ulike delikatessebutikkar, men finn det vanlegvis ikkje i den vanlege matvarebutikken. Suppa kan lagast utan portulakk om du ikkje har tilgang på det.

Framgangsmåte
Snapchat-2024168527-ny-1

Grønkålsuppe med vaktelegg

Grønkålsuppe er ein fantastisk god og i tillegg supersunn suppe. Og med vaktelegg i, vert den ei rein delikatesse. 

Grønkål er rik på både C-vitamin, B-vitamin, A-vitamin, E-vitamin, B6-viamin, kalsium, kalium, folat og jern. 

Næringsinnhaldet i vaktelegg er omlag 3-4 gongar så høgt som i vanleg hønseegg.

Framgangsmåte
Croissant

Vanlegvis er croissant noko eg et til hotellfrukosten. Men jammen er det godt å kunne unne seg ein liten utskeielse i kvardagen og innimellom. Deigen skal stå kaldt ei god stund før ein startar utbaking, gjerne natta over. Og sjølve utbakinga tek og nokre timar ettersom det skal stå kaldt nokre gongar i prosessen. Men du kor nydeleg det er når du er ferdig! Luftige og gode, gjerne servert med syltetøy eller marmelade. 

Framgangsmåte
Graskarsuppe

På seinhausten bognar det med graskar både i åker og på butikken. Vakre graskar i alle fasongar, fargar og storleikar. Dei ser fantastisk flotte ut, og smakar godt. Graskarsuppa har blitt ein favoritt her hjå meg. Ein grunn til at dette er blitt ein favoritt, er at det er fort og lage, og smakar godt. I tillegg ser det vakkert ut på fatet 

Framgangsmåte
Moussaka

Aubergine kan brukast til mykje, men det som er aller vanlegast å lage av aubergine er moussaka. Moussaka er ein gresk matrett som smakar nydeleg! Den kan serverast saman med ein god salat med salat, agurk, tomat, fetaost og gjerne gode oliven for dei som likar det. Server gjerne godt brød til.

Framgangsmåte
Blomkålsuppe

Blomkål er ein nydeleg grønnsak med god og rund kålsmak. Nylaga blomkålsuppe med eit dryss parmesan over er uslåeleg! Og så er den rik på C-vitamin, kostfiber, folat og kalium.

Framgangsmåte
Salvie

Sanking og tørking av urter og krydder, både ville og dei eg har i hagen, er ein del av sommarsyslene. Det samme er bærplukking med påfølgande safting eller sylting. Det er så godt å kunne plukke fram at dei gode smakane på haust/vinter. Og det smakar mykje betre enn det ein kjøper i butikken.

Framgangsmåte
Saftkoking

Sanking og tørking av urter og krydder, både ville og dei eg har i hagen, er ein del av sommarsyslene. Det samme er bærplukking med påfølgande safting eller sylting. Det er så godt å kunne plukke fram at dei gode smakane på haust/vinter. Og det smakar mykje betre enn det ein kjøper i butikken.

Framgangsmåte
Heimelaga sylteagurk

Sylteagurk er fantastiske planter som kan gje frukt over fleire månader, frå starten av juni-august/september. Den produserer jamt og trutt. Eg likar sylteagurkane best når dei ikkje vert for store, og synst og at dei er best når dei er sylta heile i staden for i skiver. Det er ikkje tvil om at dei heimelaga sylteagurkane er mykje sprøare og betre enn dei du kjøper i butikken.

Framgangsmåte
Hylleblomstsaft - ein smak av sommar

Hylleblomsten er nok for mange knytt til gode barndomsminner med sommarvarme, duften av hylleblomst og leskande hylleblomstsaft. Når svarthyllen blomstrar, kan ein fråtse i plukking av velduftande og vakre, kvite blomsterskjermar. Hylleblomsten er nok mest brukt til saft som leskedrikk, men om ein lett blomstrane få henge og danne bær, kan ein og lage hyllebærsaft og hyllebærsuppe. Her er oppskrifta eg brukar på hylleblomstsaft.

Framgangsmåte
Ramsløk

Kvart einaste år dukkar ramsløken trufast opp på dei faste ramsløkstadane. I midten av mai/starten av juni er det berre å fråtse i denne fantastiske, ville og utruleg smaksrike planta. Dette berre må ein ha - kvart år!


I innlegget kjem eg med oppskrift både på ramsløksalt og ramsløkpesto.


NB: Ramsløk er blitt raudlista som nær trua i Norge frå november 2021 grunna overplukking. Av respekt for dette, plukk med varsemd og ikkje meir enn du treng sjølv om det er mykje akkurat der du bur. Kanskje vi greier vi å unngå at det blir ulovleg å plukke.


Framgangsmåte
Brennesle

Alle har vi kjennskap brennesla, det grønne ugraset som brenne oss med blemmer når vi kjem borti det. Ikkje lett er det å bli kvitt heller.. Har du ikkje stått og dratt i dei lange røtene som ingen ende tek? Og så dukkar dei jammen opp på nytt på akkurat samme plassen!!! Så kvifor ikkje la det vere? Og heller dra nytte av den i staden?


Her er oppskrifta på ei nydeleg og svært næringsrik brenneslesuppe.

Framgangsmåte

finn meir

Ikkje mist ein post

Få tilsendt på mail når noko blir lagt ut