Kampen mot dei sleipe brunsneglane
Dette året har det gått frå å ikkje ha dette problemet i det heile tatt tidlegare år, til å få ein eksplosjon av desse sleipe og storetande krypa. Dei har konsentrert seg rundt grønnsakshagen der alle delikatessene er. Med ein enorm apetitt, gyv ei laus på både dødt og levande materiale.

Dette året har det gått frå å ikkje ha dette problemet i det heile tatt tidlegare år, til å få ein eksplosjon av desse sleipe og storetande krypa. Dei har konsentrert seg rundt grønnsakshagen der alle delikatessene er. Med ein enorm apetitt, gyv ei laus på både dødt og levande materiale. Dette har ført til at eg har måtte brukt ein del tid på å kontrollere og minske bestanden.

Ein nitidig kamp med plukking av sneglar kvar kveld med pølseklype og bøtte akkurat i mørkets frambrot både rundt og i grønnsakshagen, og strøing av Ferramol utanfor grønnsakshagen med jamne mellomrom. Prøvde og eingongsfeller av plast som det skulle fyllast øl i, men desse fungerte ikkje så godt. Kanskje det var andre ting som var betre? uansett, frå å plukke mellom 60-70 stykker i løpet av ein time kvar kveld, er det no nede i mellom 5-10 stk. Så det hjelp å ikkje gje seg.

I tillegg til dette, fekk eg lamaull frå Eikelund Gard | Facebook som eg har lagt rundt nokre av favorittane, blomkålsplantene. Dette ser ut til å hjelpe, med unntak av nokre spisskålplanter der brunsneglen allereie hadde gøymt seg. Så til neste år blir det ull rundt fleire av plantene.

Foreløpig er det berre å fortsetje kampen mot brunsneglane. Ekspertane seier at ein bør vere ekstra flittig med plukking i starten og slutten av sesongen. Om hausten legg sneglane egg, og dei små nye sneglane overvintrar. Det er difor viktig å ta både sneglar og egg om ein finn dei. På våren er det viktig å ta dei nye individa før dei får lagt nye egg. Forhåpentlegvis greier vi å halde dei såpass i sjakk at vi ikkje får samme problemet til neste år.

Litt fasinerande er det likevel å sjå på når den tygg i veg..

2 thoughts on “Kampen mot dei sleipe brunsneglane

  1. Howdy, i read your blog from time to time and i own a similar one and i was just wondering if you get a lot of spam comments?
    If so how do you reduce it, any plugin or anything you can advise?
    I get so much lately it’s driving me mad so any assistance is very much appreciated.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *