
Velkommen til den nye sida mi og bloggen min "Den naturlege hagen".
Litt om meg. Eg bur på ein fantastisk flott plass omlag midt i Sognefjorden, på vakre Nessane i Høyanger kommune. Nokre av mine største interesser er hage og matlaging. I tillegg til mykje anna. Eg har sjeldan problem med å finne noko å fylle tida mi med. Eg elskar å dyrke grønnsaker og å bruke dei i eiga matlaging. Eg dyrkar økologisk og synst det er fantastisk å sjå kor flott naturen spelar på lag med dyrking når ein berre lærer seg korleis ein kan gjer dette. Og finst noko meir fantastisk ennå kunne gå ut i sin eigen hage, plukke inn heilt ferske grønnsaker, for så å bruke dei til lage velsmakande og god mat? Ikkje i mine auge i allefall På bloggen her vil eg dele litt av den gleda eg har i høve dette; oppskrifter og tips. Og gjerne kreative idear av ulike slag når dei dukkar opp. Foreløpig er det ikkje så mykje her grunna at sida er heilt ny, men det kjem meir:) Du kan lese litt meir om det eg har skrive om sida mi eller om meg sjølv under fana "heim" eller "om" på sida. Håpar du har lyst til å lese og fylje med på det eg skriv om her.
Hei Halbjørg!
Stilig eg skal fylgje med på det du gjer. Har nett planta slik raudeblomar du har på framsida di. Får sjå om eg får det til?
Mvh. Ingrid
Kjekt at du vil fylgje meg Ingrid 🙂 Stokkroser er fantastisk flotte, og villige blomster. Kjem att år etter år. Då har du gjort eit godt val. Gjer mykje ut av seg 🙂
Er ikkje Stokkroser 2 årige. Eller frøar dei seg vidare?
Kjersti, her overvintrar dei og veks vidare kvart år. Men ja, dei frøar seg sjølv og. Ellers lette å ta frø frå for å så nye 🙂
Gleda meg til å sjå meir!🙌
Så kjekt å høyre Aurora 🙂
Dette blir spennande å følgje med på! 😃 Gratulerer med ei flott side! 🤩
Tusen takk Gunn 🙂
så kjekt, eg gledeer meg til å lese 🙂
Så kjekt å høyre Tuba 🙂
Kor kjekt Hallbjørg
Kor kjekt Hallbjørg – ska bli kjekt å følgje med vidare
Så kjekt at de har lyst til å fylgje med vidare 🙂
It’s going to be finish of mine day, however before ending I am reading this impressive piece of writing to increase my
experience.
Thank you! Nice to hear that you like my writing! 🙂
Aw, this was a really nice post. Taking a few minutes and actual effort to produce a great article… but what can I say… I procrastinate a whole lot and don’t
seem to get nearly anything done.
I know the problem 🙂 Want to do so much, and starts new project. Not always easy to follow up everything…
Wow! Finally I got a website from where I be able to genuinely
take useful information regarding my study and knowledge.