Ravioli med spinat og kremost
Heimelaga pasta er supergodt! Mykje bedre enn kjøpt pasta. Og du må legge ein god porsjon kjærleik i knainga av pastaen for å få den smidig 😉 Eg har her laga ein klassisk variant, ravioli fylt med spinat og ricotta. Ravioli kan fyllast med mange typar ulike fyll, så her er det berre å bruke fantasien og smaksansane. Spinaten var dyrka i eigne hage, forvella og nedfrosen i haust. Ricotta er ein italensk kremost som eignar seg godt til dette. Men andre kremostar kan og brukast. Det finst sikkert gode, norske kremostar som kan eigne seg vel så godt til dette, så om du har gode tips til det - skriv det gjerne inn i kommentarfeltet under. Mjølet eg brukar er pizza mjøl med malingsgrad 00, grunna at dette gjer deigen meir tøyeleg. Men vanleg kveitemjøl kan og brukast om ein ikkje har slikt mjøl.

Ettersom det vart ein del pastadeig til overs, laga eg tagliatelle av denne og hengde til tørk for seinare bruk.

Til pastadeigen treng du:

1 egg pr 100 gram kveitemjøl (eg brukte 500 gram i min deig, og fekk ganske mykje pasta ut av det)
kaldt vatn

Du kan legge mjølet direkte på bakebordet eller i ein litt vid bolle. Lag ei grop i mjølet og legg egga opp i gropa. Arbeid egga inn i mjølet litt om litt med ein gaffel til du får blanda dei godt inn. Kna deretter deigen for hand og spe med litt vatn (1/2 - 1 teskei) om gangen om den vert for tørr. Deigen må arbeidast godt med og skal vere smidig før den er klar. Legg deretter deigen til å kvile i ein bakebolle med eit klede over i minst ein halv time.

Mens deigen kviler, lagar du fyllet.

Dette treng du:

Spinat (250 gram frisk eller tilsvarande mengd frosen)
100 gram ricotta eller ein annan god kremost.
Muskattnøtt
Salt og peppar

Varm ei steikepanne med olje på middels varme, ha i spinat og bland inn kremost. Om ein brukar fersk spinat, har ein i kremosten når spinaten har falt saman. Bland og riv litt muskattnøtt over. Smak til med salt og peppar.

Når deigen har kvilt, kjevlar ein ut deigen enten med pastamaskin eller kjevle. Det er lurt å bruke semulegryn under deigen når du kjevlar ut. Om du brukar pastamaskin begynner du på høgste hakket (vanlegvis 7) og jobbar deg nedover litt for kvar gong til passe tjukkelse. Ein brette leiven og køyre igjennom på nytt nokre gongar på største hakket på maskina til ein får ein smidig leiv. Det samme gjer du om du brukar kjevle. Brett leiven nokre gongar og kjevle på nytt til den vert smidig. Kjevle ut deigen til passe tynne leivar, slik at dei ikkje vert for tjukke ved koking. Fordel deretter pastafyllet på den eine leiven, omlag ei teskei fyll pr ravioli. Legg den andre leiven over. Klem deigen godt saman rundt fyllet, slik at den vert heilt tett. Prøv å unngå luft i raviolien, då dette kan få raviolien til å sprekke under koking. Stikk (om du har ei passe form) eller skjer ut ravioliane.

Deigen som vart til overs, endte som tagliatelle og vart hengt til tørk.

No er pastaen klar til koking. Varm opp ein kjele med mykje og godt salta vatn. Når vatnet kokar, legg du i ravioliane og kokar dei i omlag 4 min.

Server med nøttebrunt smør med nokre salvieblad i og reven parmesan. Så er det berre å nyte!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *