Tomat Chili Artisjokk Tomat
Heimepåske betyr god tid til kos i hagen og i drivhuset. Helga har blitt brukt til å vask av drivhus innvendig og prikling av planter i eigne potter. Chili, artisjokk og paprikafrøa vart sådd allereie i januar, og tomatfrøa vart sådd i starten av mars. Grunnen til at dette vert sådd til ulike tider, er at plantene veks ulikt. Nokre planter treng lang tid for å vekse seg store, medan andre vert store i løpet av kort tid - som til dømes agurk som eg sår i april. Det er greitt å lage seg ein eigen frøkalender for å ha kontrollen på kva ein bør så når.
Prikling, å plante ein og ein spire ut i eiga potte, er ein jobb som tek litt tid, men med ei god bok på øyret er det koseleg å stå med dette arbeidet. Det er og viktig å ikkje plante spirane over i for store potter. Dei har det best når dei får vekse til dei fyller pottene skikkeleg med røtene, før du plantar dei over i enno større potter - litt større for kvar gong. Og sjølv om dette tek tid, så er det veldig verdt det når ein ser resultatet!
Du er utruleg dyktig og grundig! Og flink/interessert! Er ikkje redd for å legge ned arbeid i denne hobbygreina di….x
Nei, dette er berre kjekt 🙂 Gjev energi å drive på med det ein likar 😉
Hei! Har planta stokkroser inne. Blir det for varmt for dei?
Så kjekt Ingrid! 🙂 Har du planta eller sådd? Om du har sådd, kan det stå lyst med god romtemperatur fram til spiring. Etter spiring bør plantene stå lyst, men med lågare romptemperatur gjerne rundt 12-15 grader. Om du har kjøpt planter, gjeld det samme. Godt lys, men med temperatur rundt 12-15 grader. Plant dei ut når temperaturen jamt over 10 grader og frostfaren er over. Bør stå ein plass der det er litt lunt og med noko å støtte seg i. Lukke til med stokkrosene! 🙂
Hei Hallbjørg! Det er så gøy å så og prikle😊 I år har jeg sådd tomat første gang, og etter spiring satte jeg de under plantelys i 16-17 grader. Og da ble de stående på stedet hvil! Jeg synes ikke de har vokst noe særlig på 3 uker. Aner du hva som kan være grunnen? 😊
Så spennende Stine! 🙂
Det kan vere fleire ting, for stor potte slik at jorda vert for fuktig – som eg skreiv i innlegget mitt, likar dei ikkje å ha for god plass men må utvide pottestørrelsen gradvis. Om dette er tilfelle ville eg tatt dei opp att og planta dei i mindre potter med ny jord. Sjekk i tilfelle ei plante først. Ta opp planta og sjekk om røtene har utvikla seg. Om jorda er for fuktig, vil røtene drukne og rotne opp.
Passe fuktigheit – ikkje for tørr eller for våt jord. Eg pleier å vatne pottene frå undersida slik at dei får trekke godt med vatn. Etter på let eg dei stå til jorda begynner å bli ganske tørr før eg vatnar på nytt på samme måte. Dette fungerer fint. Pass og på at det er god avrenning (gode hol i potta med litt rom under) under potta slik at overskuddsvatn får renne ut.
Ver og obs på at den jorda du bruker på små planter ikkje bør vere for kraftig gjødsla. For mykje gjødsel vil og ta knekken på plantene. Ein del ferdigjord ein får kjøpt er iblanda ganske mykje gjødsel.
Når det gjeld lys, er lyset ute no så bra at eg kanskje ville føretrekt å plassere dei i vindaugskarm i staden for under plantelys om du har ein eigna stad. (helst i retning aust/sør/vest) Men då må du vere obs på å flytte dei litt unna i direkte sollys. Må ha gradvis tilvenning til dette når plantene er små slik at blada ikkje vert svidd.
Håpar svaret var til hjelp 🙂 Lukke til vidare Stine! 🙂
Tusen takk for langt og godt svar! Da har jeg mye jeg skal prøve. Håper jeg får det til😀
Lykke til Stine 🙂