Har du tenkt på det; om det veks brennesle ein plass, så er jorda der den veks næringsrik og god 😉
Visste du at brennesle er full av god næring både for oss og plantene? At brennesle er mange gongar så sunt som spinat? Den innheld mange gongar så mykje vitamin C, kalium og jern. Meir sink , protein, fiber, protein, magnesium, silisium og fosfor. Og så inneheld den B-vitamin. Så dette er skikkeleg dundermat å ete! Men kan vi ete brennesle? Såklart vi kan! Du kan lage supergod suppe eller stuing av brennesle. På med hanskar og fram med saks. Så er det berre å sanke.
Dei nye små skota er dei aller beste. Du kan fint ete brennesle seinare på sommaren og, men då er det lurt å berre klyppe dei finaste toppane. Når du har sanka nok, kan du ta brennesla du har sanka med deg inn og skylle dei godt i kaldt vatn for å få vekk jord og andre ting som kan sitje på blada. Det kan vere lurt å la den ligge 5 min i i kaldt vatn for å løyse opp skitt før du rører den litt rundt og tek den opp. Eg brukar ofte salatslynge for å få ut vatnet.
Forresten, frøa kan du faktisk også plukke og tørke. Så kan du drysse dei over maten seinare for ekstra næring 😉
Brenneslesuppe:
Eg legg den ferdigskylte brennesla opp i ein kjele og heller på vatn til koking. Så let eg den koke i 10-15 min, før eg mosar den med ein stavmiksar. Har du ikkje stavmiksar, kan du ta opp brennesla og finhakke den, før du legg den opp att i kokevatnet. Hanskar? Nei, dei treng du ikkje lengre. Deretter har eg i grønnsaksbuljongterning/kyllingbuljong. Om du har kjøttkraft, kan du bruke det i staden for vatn og buljong. Deretter har eg i riven potet, omlag 2-3 potetar pr liter væske, for å jamne. Riv litt muskattnøtt i suppa om du likar det. Legg og i ein god klatt med godt smør, det hevar smaken. Småkok i 5-10 min. Smak til med salt og peppar. Server gjerne med hardkoktegg i båtar, nysteikte rundstykker og smør til. Det er berre til å nyte 😉
Ingrediensar:
100 g brennesle
2-3 potetar
1 liter vatn/kraft
2 buljongterningar ( om du ikkje brukar kraft)
2 ss smør
Litt riven muskatnøtt
Salt og peppar etter smak
Hanskar, saks og korg - klar for sanking Perfekte, fine brennesleskot Full korg - akkurat nok til ein god porsjon suppe Brennesle lagt i kaldt vatn for å løyse opp jord og fjerne insekt Brennesle i salatslynge Kjele fylt opp med brennesle og vatn Brennesle under koking - vatnet får ei litt brun/grøn farge under koking Riven potet som skal opp i suppa Suppe med riven potet tilsatt buljong og muskatnøtt - på etterkoking Ferdig mosa suppe Servert med egg - nydeleg!
Koking av brenneslesuppe
Men korleis kan vi nytte dette til plantene? Dette er supergjødsel! Lagar du brenneslevatn og gjødslar plantene med det, får du store, friske og flotte planter! Brenneslevatnet har mange gode næringsstoff for plantene, men har og positiv effekt på opptaket av nitrogen. Brenneslevatnet har og positiv effekt på nedbrytinga av organisk materiale i jorda. Brenneslevatn skal og motverke sopp og gjer plantene meir herda mot insektangrep. Du kan og bruke brenneslevatnet ufortynna og spreie på mot bladlus.
Slik lagar du brenneslevatn:
Du klypper det som du ikkje skal bruke til mat og legg det opp i ein stor dunk/tønne. Eg brukar ein stor murarbalje til dette. Dunken/tønna bør stå ute. Då har eg gjødsel lenge. Fyll den så full du klarar med brennesle (Du kan godt trykke dei godt saman). Pass på at du ikkje tek brennesle som har gått i frø. Fyll deretter opp med vatn. Du kan med fordel dekke over med netting slik at ikkje fuglar eller dyr dett oppi. Så let du det stå slik i om lag 2 veker. Rør rundt kvar dag for å tilføre oksygen. Når det har gått 2 veker, kan du starte å bruke det. Sil av restane, og bland ut brenneslevatnet i forholdet 1:10 med vatn. Så er det berre å ta runden rundt i hagen og fordele godsakene. Synst du brenneslevatnet luktar vondt? Ja, det luktar litt, men det er slik det skal vere. Enkelte tilsett bokashistrø i brenneslevatnet for å unngå at det luktar så mykje. Du kan fint la det stå i hagen i fleire veker om du har "laga for mykje", og bruke det fleire rundar. Når det er brukt opp, er det berre å gjenta prosessen.
Godt oppfylt balje med brennesle og vatn Etter 2 veker ser det slik ut Siling av brenneslevatn før bruk Brenneslevatn - skal blandast i forholdet 1:10 med vatn
Brenneslevatn blanda ut med vatn i forholdet 1:10 - supergjødsel!
Sååå bra og godt forklntart! Interessant! Om ein har helse og krefter til hagearbeid, så er det sikkert flott! Og så suppe! Litt av ein jobb: frå botnen av… 🍀
Tusen takk❤veldig kjekt!
Kjekt å lese om korleis du nyttar brennenesla. Fine bilete, forklaring og oppskrift til suppe også. Alt du kan!😊
Tusen takk Inga ❤ det ein er interessert i, lærer ein ofte meir om😉vi er gode på kvar våre ting😉😊
Heisann! Tusen takk for et flott innlegg! Her har du helt klart fått en ny følger 🤗 Jeg pleier å lage te av brennesla, men nå skal jeg sannelig prøve å lage suppe også. 🤩 Hva tenker du om at det kan være hunder som har pissa der en sanker? Holder det da med å rense med vann? Vanskelig å vite hvor hunder ikke har gått. Seinere på sommeren, er jo ikke det noe problem siden brennesla blir veldig høy og lang. Men nå som de første skudda kommer ut, så bør en kanskje tenke litt på det? I hvertfall oss som ikke har hage og må gå ute og sanke i det fri. Hva er dine meninger/tanker om det?
Så hyggeleg å høyre at du vil følge bloggen! 🤗 Forstår at du spør. Eg tenkjer at du løyser opp ein god del om du let deg ligge ei god stund i vatnet, gjerne eit par timar. Så ville eg skylt dei kjapt i ein ny runde med vatn. Når du deretter kokar, vil eg tru det går heilt fint 😊Lukke til!