Sommarmodus og «ferietid»
Sommarferie er å "eige" di eiga tid! Å kunne styre din eigen dag fullstendig, la pulsen senke seg og berre leve.

Sommarferie for meg er ikkje å reise landet rundt i fleire veker på tur. Det er å ha "ferietid". Med det meinar eg å kunne disponere dagane og tida sjølv slik det passar meg best. Eg kan gjerne stå tidleg opp, og eg likar å ikkje "kaste vekk" halve dagen på å sove lenge. Det som er så deilig, er å ha tid til å gjer alt det du ellers ikkje rekk over. Er det dårleg ver, står gjerne rydding eller matlaging på planen for dagen Er det fint ver, er det kjekt å stå ute og luke åker, plukke bær eller berre nyte alt det som veks i hagen, hønene som spankulerar rundt i buskene og på plena og som kjem springande når dei ser deg i håp om å få noko ekstra godt. Å kunne plukkke egg med ulike fargar og i ulike variasjonar. Og i år er det ekstra mange variantar grunna dei søte små vaktlane eg fekk frå Hjetland barnehage i Høyanger. Så spennande! Sommarferie er og å kunne plutseleg finne ut at ein har lyst til å ta ein liten hengekøyetur, der ein finn ein plass med god utsikt å vakne til neste dag -krev lite planlegging, lite bagasje og gjev masse tilbake. Sommarferie er og å kunne nyte morgonkaffien med den flotte utsikta i drivhuset, eller lange kveldar med nydeleg solnedgang.

Vaktlar

Men som skrive over, vaktlane vart eit eige lite prosjekt i år. Hjetland barnehage hadde ruga ut 4 søte små vaktlar som eg fekk. Utruleg spennande ettersom desse fuglane var noko eg ikkje kunne så mykje om frå før av, så her var det berre å lese seg opp litt. Dei krev liten plass, skal enten ha låge bur eller bur med svært god høgde for å ikkje slå seg når dei flyg. Du kan ikkje sleppe dei ut slik du gjer med høner, ettersom dei ikkje har heimstadskjensle slik hønene har. Dei treng ikkje varme om vinteren, men då vil dei heller ikkje legge egg. Derimot vil levetida bli forlenga utan kunstig varme og lys ettersom dei då ikkje blir utslitt av å legge egg. Dei lever eit kort og intenst liv samanlikna med høner. Dei er kjønnsmodne allereie ved 6 veker og legg i gjennomsnittet 1,4 egg pr dag. Rugetida for vaktlar er 17 dagar. Vaktlar elskar gøymeplassar i buret og å sandbade. Dei lagar låge "fuglelydar" når dei snakkar saman. Dei som har eggeallergi skal kunne ete vaktelegg. Det går relativt mange vaktelegg på eit vanleg hønseegg, men er svært dekorative og artige å bruke i maten. Av dei 4 vaktlane eg fekk var det 2 hanar og 2 høner. No har eg samla fleire vaktelegg for å ruge ut fleire vaktlar, så då blir spennende å sjå korleis dette går! Så tusen takk til Hjetland barnehage som fann ut at dei ville gje meg desse søte små skapningane!

Eggelykke

Ellers er eg sååå fornøgd med dei fine etikettane som Per Henning Olsen og Ann Helen Kvitle Bakk i Kreativ Kommunikasjon har laga til eggekartongane som eg har begynt å selge egg i. Spesielt no når både hønene som legg grønne og blå egg har begynt å legge egg, i tillegg til vaktlane og hønene som legg brune og kvite egg. Er så kjekt å legge egga i desse fine kartongane med så fine etikettar og selge dei! Eggekarusellane er supre som gåver og er blitt kjempepopulære! Det kjennest så godt å kunne selge egg og grønnsaker som er 100% økologiske og fri for sprøytemiddel og kunstgjødsel!

God sommar vidare, og sørg for å nyte det å eige di eiga tid!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *