Rødbetekaker med tahinidipp

Ein av haustens gode grønnsaker er rødbeten. Ein fantastisk grønnsak som både kan syltast, brukast i middag og i kaker. Når du deler den opp, er den i tillegg vakker å sjå på 🙂

Oppskrift på rødbetekaker med tahinidipp og steikte grønnsaker

Denne gongen valde eg å lage rødbetekaker med tahinidipp og steikte tomatar/portulakk til middag. I tillegg til grønnsakene som eg plukka i hagen, brukte eg kikerter. Eg hadde berre hermetiserte kikerter denne gongen. Det er ein fordel å bruke tørka og blautlagde kikerter i staden for hermetiserte og kokte kikerter. Dette for å unngå at dei vert så blaute. Då må ein tilsetje mjøl, noko som gjer dei litt porøse under steiking. Men som sagt, denne gongen hadde eg berre hermetiserte, så då måtte dei behandlast forsiktig under steiking.

Ingrediensar rødbetekaker

Ca 350 gram riven rødbete

2 boksar kikerter eller tillsvarande meng tørka og blautlagte kikerter( er å føretrekke)

2 små sterke chili eller 1,5 stor vanleg chili

3 fedd kvitløk

1 vanleg løk

1 stor kvast persille

Korianderblad eller korianderfrø

Olivenolje

3 ss potetmjøl (berre om kokertene er hermetiserte)

Eit par gode klyper maldonsalt

Nøytral olje til steiking

Ingrediensar tahinidipp

2,5 ss tahini

Safta av 1 sitron

Ei klype maldonsalt

2 ts ekstra virgin olivenolje

Framgangsmåte:

Mos først kikertene med litt god olivenolje og maldonsalt. Ha i persille, koriander, finhakka chili, finhakka løk og kvitløk og mos godt saman med ein stavmiksar. Så har du i riven rødbete og mosar vidare. Smak til med salt til smaken vert passe. Form kakene med ei skei dyppa i kaldt vatn og legg røra/kakene forsiktig i ei middels varm steikepanne med nøytral olje. Steik kakene til sida ned får ein fast konsistens. Snu og steik vidare. Kakene kan verke litt blaute når dei er ferdig steikt, men fastnar meir når dei får ligge ei lita stund etter steiking.

Tahinidippen lagar du ved å ta tahini i ei skål, tilsetje sitronsaft og salt. Rør saman med ei spiseskei. Spe med litt olivenolje dersom dippen vert for fast i konsistens.

Det er godt med litt syrlege grønnsaker til kakene, så valget fall på tomat og portulakk. Dette vart steikt med olivenolje og maldonsalt i ovnen på 220 grader i omlag 20 min.

Så er det berre å nyte ein god og velsmakande vegetarmiddag.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *