Moussaka

Ein av sommarens grønnsaker er aubergine. Har du ein aubergineplante som du passar godt på, kan du få store mengder med desse flotte og fine fruktene. Aubergine er i samme familie som tomat og potet, og kan ha mange variasjonar av utsjånad, størrelse og smak. I Norge er vi mest vande med den store, avlange lilla-svarte varianten. Det er stort sett den du får kjøpt i butikken. Aubergine kan brukast til mykje, men det som er aller vanlegast å lage av aubergine er moussaka. Moussaka er ein gresk matrett som smakar nydeleg! Den kan serverast saman med ein god salat med salat, agurk, tomat, fetaost og gjerne gode oliven for dei som likar det. Server gjerne godt brød til.

Oppskrift på moussaka

Ingrediensar

Kjøttsaus

500 gr lammekjøttdeig eller storfekjøttdeig
2 løk
1 paprika
2 ts salt
3/4 ts peppar
1-2 ts oregano
1/2 -1 ts kanel
1 laurbærblad
2-3 båtar kvitløk
2 dl vatn
Litt finhakka chili (valfritt)
1 boks hakka tomat eller tilsvarande mengd hakka frisk tomat
2 ss tomatpuré
olje til å steike i

1-2 auberginar
2 ss salt

Litt riven ost til topping

Ostesaus

4 dl melk
2 ss smør
3 ss kveitemjøl
ca 200 gr riven ost
2 egg
litt lime eller sitronsaft

Framgangsmåte

Skjer auberginane i tjukke skiver på omlag 1 cm. Dryss over saltet og la dei ligge litt med salt på.

Steik kjøttdeigen. Ha i finhakka løk og steik. Tilsett deretter finhakka kvitløk og evt. litt finhakka chili for dei som likar litt sting i maten. La dette surre med i omlag 1 min, før tek i tomatpurè og steiker den med litt for å få vekk bitterheiten i purèen.

Tilsett hakka paprika, salt peppar og krydder, vatn og hakka tomatar. Kok opp og la det trekke til ein tjukk saus. Smak til sausen med salt, peppar og gjerne litt sukker for å få fram tomatsmaken.

Smelt smøret i ein liten kasserolle. Rør in kveitekjølet og spe med melk. Rør godt til det kokar opp. La det koke nokre minutt før du smakar til med salt og peppar og gjerne litt sitron eller limesaft. Ta kjelen av plata og rør inn riven ost. Avkjøl litt og rør inn egga.

Skyll av saltet av auberginskivene og tørk av med med tørkepapir. Legg aubergineskiver og kjøttsaus lagvis i ei ildfast form. Hell ostesausen over og strø over riven ost. Steik midt i ovnen på 200 grader i 40 minutt.

Server med god salat og godt brød. Bon apetitt!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *