Lilla blomkål – lilla suppe?

Blomkål er ein nydeleg grønnsak med god og rund kålsmak. Nylaga blomkålsuppe med eit dryss parmesan over er uslåeleg! Og så er den rik på C-vitamin, kostfiber, folat og kalium.

Dette året fekk eg lyst til å prøve å dyrke lilla blomkål. Og fargen er berre heilt nydeleg - varmlilla! Men kva skjer når ein lagar suppe av lilla blomkål? Blir fargen lilla...? Dette måtte testast.

Ingrediensar:

1 stk blomkål
1 liter kraft/buljong
1 raudløk
1 dl fløyte
olje til steiking av løk
salt
peppar
riven muskattnøtt
sitron
parmesan

Blomkålen vart plukka og delt i bukettar, og ein raudløk vart hakka for å vere med i suppa. Også den fine stilken/blada til raudløken vart brukt.

Først surra eg løken blank i olje. Deretter gjekk dei fleste av blomkålbukettane + stilk opp i gryta. Deretter fylte eg på med kraft/buljong og let det surre på middels varme i omlag 40-45 min. under lokk. Grunnen til at eg let nokre få bukettar vere att, er at eg ynskjer å ha desse heile i suppa. Difor kokar desse med berre dei siste 5-10 min.

Når blomkålen er kokt mør, mosar eg suppa med ein stavmiksar. Deretter har eg oppi ein skvett fløyte, smakar til med salt, peppar, riven muskattnøtt og sitron. Ver obs på at om du brukar buljongterning, er det mykje salt i den. Deretter har du oppi dei siste bukettane og kokar den litt til. Riv gjerne litt parmesan over suppa etter at du har fått den i skåla.

Vart suppa lilla? Nja, heller meir brunbeige på farge 😉 Men smaka godt - det gjorde den!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *