Heimelaga sylteagurk
Sylteagurk er fantastiske planter som kan gje frukt over fleire månader, frå starten av juni-august/september. Den produserer jamt og trutt. Eg likar sylteagurkane best når dei ikkje vert for store, og synst og at dei er best når dei er sylta heile i staden for i skiver. Det er ikkje tvil om at dei heimelaga sylteagurkane er mykje spørare og betre enn dei du kjøper i butikken.

Sylteagurk er ein eigen type agurkar som eignar seg særs godt til sylting. Eg plukkar sylteagurk nesten kvar dag, og samlar dei i ein boks med tørkepapir i og lokk på toppen i kjøleskapet til eg har nok til nokre glas. Dette er difor ein kontinuerleg prosess eg driv med heile sommaren. Når eg lagar lake, lagar eg så masse at eg har til fleire rundar med sylting. Det som vert til overs av lake ved første sylting, heller eg på flaske eller glas og set i kjøleskapet. Neste gong er det berre å helle laken i ein kjele og koke opp.

Ingrediensar til lake

13 dl vatn
1 liter 7% eddik
2 ss salt
6 dl sukker

Sylteagurk

Friske sylteagurkar
Lake
Heil svart peppar
Pepparrot i bitar (valfritt)
Frisk dill (valfritt)
Reine og steriliserte glas med lokk

Det første ein må gjer etter at ein har plukka og før ein sylta er å legge agurkane i kaldt/lunka saltvatn i 2-3 timar. Så måler eg opp ingrediensane til laken og har dei i ein kjele og kokar opp under omrøring. Deretter børstar eg agurkane grundig med ei litt stiv børst for å få fekk piggane og evt. jord og andre ureinheiter. Når dette er gjort, legg eg dei på reine og steriliserte glas.

For å få glasa sterile, kan du setje glasa i steikovnen på 100 grader i 10-20 min, eller legge glasa+lokka i kokande vatn og la dei koke i omlag 5 min for deretter å setje dei på eit kjøkkenhandkle for å renne av.

Etter at eg har lagt agurkane i glasa, strør eg i heil peppar og gjerne litt pepparrot i bitar. Det er og vanleg å ha dill i sylteagurken om du likar det. Så er det berre å helle over den varme laken, skru loka tett på og setje dei på benken for å kjølne. Eg tek ein ny runde og skrur til lokka før eg set dei til oppbevaring. Eg oppbevarer agurkane i kjøleskapet, men du kan fint ha dei ståande i eit kjøleg rom om du har det.

Sylteagurkane bør stå på glasa i 3-4 veker før du begynner å ete av dei. Når du har opna glasa, bør dei stå i kjøleskapet for å halde seg fine lengst mogleg. Så er det berre å nyte desse små og knasande sprø sylteagurkane resten av året. Dei smakar nydeleg på leverposteiskiva eller til speilegget 😉

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *