Hylleblomst – ein smak av sommar
Hylleblomsten er nok for mange knytt til gode barndomsminner med sommarvarme, duften av hylleblomst og leskande hylleblomstsaft. Når svarthyllen blomstrar, kan ein fråtse i plukking av velduftande og vakre, kvite blomsterskjermar.

Hylleblomsten er nok for mange knytt til gode barndomsminner med sommarvarme, duften av hylleblomst og leskande hylleblomstsaft. Når svarthyllen blomstrar, kan ein fråtse i plukking av velduftande og vakre, kvite blomsterskjermar. Hylleblomsten er nok mest brukt til saft som leskedrikk, men om ein lett blomstrane få henge og danne bær, kan ein og lage hyllebærsaft og hyllebærsuppe. Eg vil under skrive oppskrifta eg brukar på hylleblomstsaft.

Hyllebusk/treet kan bli opp til 8 meter høgt. Hyllen blomstrar i juni/juli månad, medan bæra er modne i september. Du kan fint lage nye hyllebusker ved å skjere av eit 20-25 cm lang stykke av ei grein, setje den i vatn for å danne røter og deretter plante den. Eg gjorde sjølv dette for rundt 10 år sidan, utan å setje den i vatn. Sette greina rett i jorda etter å ha teke av ekstra blad og utstikkarar, og passa deretter godt på med jamn fuktigheit. Dei første åra brukte den litt tid på å vekse, men no er det blitt til ei busk på omlag 3,5-4 meters høgde. Det er flott busk å ha i hagen, vakker å sjå på samstundes som det blir mykje god saft av den.

Eigenskapar:

Hylleblomsten er kjent for å ha ei rekkje gode eigenskapar, t.d som å vere svette, avførings og urindrivande, men og for å ha avslappande og roande effekt. Hyllebær er kjent for å ha antirematisk og virushemmande effekt, og vart mykje brukt før i tida til lindre sjukdom og infeksjonar. Også barken av hyllen vart brukt grunna sine eigenskapar, mellom anna til sårlindring.

Pass på:

Bæra på svarthyllen må ikkje etast rå, då dette kan gje stort ubehag med hovudverk, kvalme og brekningar. Ved tørking eller koking vert stoffa som gjev desse symptoma øydelagt. Svarthyllen må ikkje forvekslast med raudhyll, der heile planta er litt giftig. (Gifta i bæra vil forvinne ved koking). Det er lett å sjå forskjell på svarthyll og raudhyll ved å sjå på blomsterklasane. Svarthyllen har typiske parasoll-liknande skjermar medan raudhyll har blomsten meir i klasar.

Hylleblomstsaft

Dette treng du:

Omlag 30 store blomsterskjermar
600 g sukker og 2 sitronar
2 ss sitron eller vinsyre
1 liter kokt vatn
Ei bøtte med lokk eller ein stor bolle med folie over

Slik gjer du det:

For å plukke blomster treng du ei bøtte/korg, ei saks og ein stige/gardintrapp om treet er høgt. Klypp av bolmsterskjermane og legg dei fint i bøtta. Er det svartlus på stenglane? Ja, svartlusa elskar svarthyll. Ikkje fortvil.., plukk dei likevel. Desse kan du lett skylle og gni av etter at du er kommen inn. Når du har plukka det du skal ha, tek du dei med deg inn. Rist kvar einaste skjerm godt, før du legg dei i den bollen/bøtta du skal lage safta i. Grunnen til at du skal riste dei, er for å få vekk insekt, utøy og anna rusk. Kanskje må du plukke vekk noko om du ikkje greier å riste det av.

Deretter legg du sitronskiver over blomsterskjermane. Eg likar best å bruke økologiske sitronar, men om du ikkje får tak i dette vil eg anbefale å skjere av skalet på sitronen før bruk. Når du har gjort dette, blandar du kokt vatn med sukker og sitron/vinsyre. Deretter heller du den varme blandinga over skjermane og sitronskivene. Dekk til med lokk eller folie. Sett det kjølig, helst i kjøleskap i 4 dagar for å trekke. Du kan med fordel riste litt på eller røre rundt i bøtta ein gong om dagen.

Når den har stått i 4 dagar, er den klar for siling. Eg brukar først ei vanleg sikt, deretter legg eg eit kaffifilter eller kjøkkenhandduk i trakta over flaska og heller oppi safta. Eg føretrekker kjøkkenhandduk ettersom dette går fortare enn kaffifilter, men dette er ei smaksak. Når safta er kommen i flasker, kan du oppbevare det i kjøleskap nokre dagar, evt. fryse det slik at ein kan nyte denne gode safta seinare på året.

Då er det eit steg att i prosessen med å lage hylleblomstsaft. Bland safta i med godt, kaldt vatn i forholdet 1del saft og 4 delar vatn. Deretter er det berre å nyte!

God sommar! 🙂

Diverse videoklipp frå produksjon av hylleblomstsaft

Blande kokt vatn med sukker og vin eller sitronsyre

Tømme den varme blandinga over blomsterskjermane og sitronskivene

Filtrere/sile safta med kaffifilter

Filtrere/sile safta med kjøkkenhandduk

2 thoughts on “Hylleblomst – ein smak av sommar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.