Arbeidsbenk og hylle i drivhus
Behovet for å ha ein arbeidsbenk i drivhuset til å drive med såing og omplanting av planter dukka opp. I tillegg var det behov for å ha ei hylle til å plassere plantekasser i. Så då var det berre å setje i gong med eit nytt prosjekt; bygge hylle og arbeidsbenk. Laga ei kjapp lita skisse for å ha ei viss oversikt over kva materialbehov eg hadde før eg reiste for å handle. Med god hjelp frå flinke folk ved byggevarefirmaet, fekk eg handla omlag det eg trengte+litt ekstra i tilfelle rest ved kapp og evt feil.

Skissa vart justert litt undervegs og tilpassa dimensjonane på materialane i høve mål.

Sist helg sette vi i gang. Min eigen handy-man bidrog aktivt i bygginga, og i løpet av dagen hadde vi fått snekra saman både hylle og arbeidsbenk. Det vart ein del justeringar undervegs for å få dei rette måla. Det er greitt å vere to når ein skal bygge, og så er det jo veldig triveleg å drive med eit slikt prosjekt saman. Vi valde å legge spiler i staden for plater for at fukt og vatn skulle renne vekk frå kassene. Og ja, vi gjorde nokre feilkappingar undervegs. Det flotte med å gjere feil er jo at ein lærer av det 😉 Ramma vart laga av dei tjukkaste lektene (48x48), mens hyllene/spilene vart laga av dei tynnaste lektene(23x48) Etter at hylla og arbeidsbenken var ferdig snekra, var det berre å finne fram måling. Var viktig å få det målt slik at det skal tåle fukt. Fann fram eit målingspann som vi hadde ståande. Målinga var ei oljeblanda måling, noko som gjer den meir fuktbestandig. Neste dag vart strøk nummer 2 måla. Etter at målinga var skikkeleg tørka, dag 3, kunne vi endeleg bere hylla og arbeidsbenken inn i drivhuset. Er sååå fornøgd med resultatet! Så flott å kunne stå og arbeide i drivhuset med kveldssola rett inn - herleg!

2 thoughts on “Arbeidsbenk og hylle i drivhus

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *