Som eg har skrive på sida mi, komposterer eg mat- og hageavfallet, både med varmkompostering og Bokashi-kompostering. I dag vil eg fortelje litt om Bokashikompostering. Eg syns sjølv at denne måten å kompostere på er berre heilt fantastisk! Og eg trur plantene er enige i det og 😉 Og dessutan - dette er jordforbetring der du styrkar det naturlege kretsløpet i naturen.
Bokashi-kompostering kan alle drive med, sjølv om du ikkje har stor hage. Du kan ha Bokashibøtta ståande på kjøkkenet – fordi det ikkje luktar -ei litt syrleg, men ikkje vond lukt- og tek liten plass. Du kan bruke ei vanleg plastbøtte med tett lokk. Eg har investert i bøtter berekna på Bokashi med holbotn over eit eige rom og tappekran – ei god investering. Renovasjonsselskapa nokre plassar i Norge gjev og tilskot ved kjøp av Bokashiutstyr over ein viss sum. Då får eg nytta både matavfallet og Bokashivæska som renn av fullt ut.
Kva er Bokashivæske? Bokashivæska tappar eg av frå botn av bøtta og blandar ut i vatn i blandingsforholdet 1:100. Då har eg supert gjødselvatn til dei fleste plantene i hagen. Bokashivæska kan du tappe når som helst i prosessen, både mens du fyller bøtta og mens den står og fermenterer. Om du ikkje skal bruke væska med ein gong, kan du setje den i kjøleskapet i boks med tett lokk. Nokon puttar den og i frysen i isbitposar.
Kva er Bokashistrø? - Bokashistrø er kveitekli tilsett effektive mikroorganismer. Mikroorganismene er naturlege mikrobar som sett i gong ein gjærings- eller syrningsprosess når dei kjem i kontakt med organisk materiale, som matavfallet i eit lufttett miljø. Effektive mikroorganismer bidreg til eit sunt og godt miljø både i jord, vatn og magen.
Det finst 5 ulike mikrobar i Bokashistrøet, to typar melkesyrebakteriar, ein gjærsopp og to typar urbakteriar.
- Lactobacillus plantarum:Ein vanleg melkesyrebakterie. Probiotisk.
- Lactobacillus caseï: Også ein vanleg melkesyrebatkerie, brukast i framstilling av ost og som probiotika.
- Saccharomyces cerevisiae: Gjærsopp som vert brukt i baking, øl- og vinproduksjon og finst naturleg i magen.
- Rhodopseudomonas palustris: Kjempeviktig bakterie som finst naturleg i jord og vann. Den vert nytta aktivt i biosanering/-rensing for å bekjempe gifter og forureining i jord og vann.
- Rhodospirillum rubrum: Ein nyttig bakterie som finst i vatn, jord og avløp.
Det er lurt å oppbevare Bokashistrøet i ein boks med tett lokk når du har opna posen med strø slik at strøet held seg fint lengre.
Å kompostere med Bokashi er raskt og enkelt. Når du startar med ei ny bøtte, kan det vere lurt å strø litt Bokashistrø i botn av bøtta. Deretter har eg oppi dagens matavfall, strør på Bokashistrø (om lag 2 ss strø på 1 liter matavfall), og set på lokket. Viktig at lokket sit tett på slik at det ikkje blir lufttilgang. Så gjentar eg denne prosessen, matavfall og strø, til bøtta er full. Du kan godt trykke avfallet saman så du får plass til meir. Viktig å ikkje fylle opp i bøtta for ofte grunna at det blir for mykje luft i Bokashien, helst ikkje oftare enn 1 gong i døgnet. Når bøtta er full, sikrar du på nytt at lokket sit tett på. Deretter set du den til side for å stå heilt i fred og fermentere i minst 2 veker. Det er greitt å ha fleire bøtter slik at du kan starte å fylle opp ei ny når ei står til fermentering.
Når det har gått 2 veker, er det fermenterte matavfallet klart for å gravast ned, det gjer ingenting at det står lengre. Du kan no grave det rett ned i jorda i bedd eller åker i hagen, eller ha det i ein «jordfabrikk» i ein pallekarm. Pass på at det ligg eit godt lag med jord over, helst 10-15 cm. No startar nedbrytinga av avfallet til jord. Etter 2 veker i kontakt med jord, er Bokashikomposten klar til bruk. Om du har putta store matrestar i komposten, vil nok ikkje desse ha blitt omdanna til jord enno, men det har ingenting å seie. Du kan fortsett fint bruke den på plantene etter 2 veker.
Fyll godt med jord over den fermenterte Bokashien Tapping av Bokashivæske Ferdig fermentert og klar for nedgraving Lag ei god grop i jorda der du skal grave ned fermenterte Bokashien
Kva skjer når du komposterar med Bokashi? Det organiske materialet rotnar ikkje men vert brote opp samstundes som det beheld protein, mineral, vitaminar og næringsstoff i nedbroten form. Når det fermenterte matavfallet kjem i kontakt med jord, skjer nedbrytinga mykje raskare enn det gjer med vanleg kompostering. Bokashikomposten er inneheld masse næring og energi og har eit rikt mikroliv, med store og flotte meitemarkar.
Kva treng du for å komme i gang med Bokashi-kompostering?
- 2 bokashibøtter (evt. 2 vanlege plastbøtter med tett lokk)
- Bokashistrø – dette får du kjøpt hjå dei som forhandlar Bokashiutstyr
- Pallekarm eller potte med jord eller ein jordflekk å grave det ned i.
Då er du klar for å starte å gjer avfall om til gull 😊 Og har du tomatplanter? Eg skal love deg at dei kjem til å elske denne jorda! Lukke til!
Tapping av Bokashivæske
Renovasjonsselskap med støtteordningar for Bokashi, finn du her:
Ja, Bokashi er supert. Har nytta metoden i mange år og er framleis like frelst.
Eg sjonglerer med 6 Bokashibøtter, då klarar eg meg gjennom dei få månadene om vinteren når det ikkje er mogeleg å grave ned i jorda. I starten freista eg med jordfabrikk inne i kjellaren, men det vart berre med forsøket.
Så flott! 😊Eg har berre 2 bøtter,men varmkompost i tillegg. Har jord i posar som eg kan legge over bokashien i jordfabrikken ute. Men vurderer og å få tak i nokre bøtter til.