På seinhausten bognar det med graskar både i åker og på butikken. Vakre graskar i alle fasongar, fargar og storleikar. Dei ser fantastisk flotte ut, og smakar godt. Og ja, alle graskar smakar ikkje likt. Til og med konsistensen på kjøttet er ulikt. Dette året prøvde eg og spaghettigraskar (og kalt spaghettisqaush) der kjøttet er kvitt og tråar seg. Det var ein morsom variant å prøve.
Du kan lage mykje godt av graskar, både kake og middag. Graskarsuppa har blitt ein favoritt her hjå meg. Til dette brukar eg graskar med oransje farge og mykje smak. Ein grunn til at dette er blitt ein favoritt, er at det er fort og lage, og smakar godt. I tillegg ser det vakkert ut på fatet 🙂
Oppskrift på graskarsuppe
Ingrediensar
1 kg graskar reinska og skjært i bitar
1 liter buljong eller kraft
1 chili
3 fedd kvitløk
1/2 løk
1 stor bit ingefær (tilsvarande 1-2 ss riven fersk ingefær)
1 sitron, pressa
olje til steiking
ekstra virgin olivenolje
soyasaus
salt
peppar
rømme/creme frashie og frisk persille til servering
Framgangsmåte:
Reinsk graskaret for frø og skal. Del det opp i bitar på omlag 2-3 cm i diameter. Ha i kjele og kok opp med kraft/eller buljong. La småkoke i omlag 30 min.
I mellomtida finhakkar du løk, kvitløk og chili, og riv ingefæren på fint rivjarn. finn fram ei lita panne eller ein stor smørsmeltar. Surr løken mjuk i oljen i eit par minutt. Ha i chili og surr ytterlegare i 1 minutt, før du har i kvitløk og ingefær. Surr vidare på svak varme. Pass på at det ikkje blir brent. Ta av varmen.
Når graskaret er kokt mørt, brukar du ein stavmiksar til å mose graskaret. Ha i ferdig surra løk, kvitløk, chili og ingefær i saman med oljen, og mos til suppa får ein mjuk og fin konsistens. Smak til med litt god olivenolje, soyasaus, salt og peppar.
Serverast med ein klatt rømme risla over suppeskåla og persilledusk på toppen. Smakar nydeleg! 🙂