Tørking av urter og saftkoking

Sanking og tørking av urter og krydder, både ville og dei eg har i hagen, er ein del av sommarsyslene. Det samme er bærplukking med påfølgande safting eller sylting. Det er så godt å kunne plukke fram at dei gode smakane på haust/vinter. Og det smakar mykje betre enn det ein kjøper i butikken.

Det er ofte lurt å samle fleire urter/krydder samtidig, for å kunne tørke fleire brett samtidig i varmluftsovnen. Urter med veldig sterk lukt, tørkar eg gjerne åleine, men dei fleste kan tørkast i saman. Denne gongen vart det oregano (skårakong på sogning), timan og salvie i den eine ovnen og mjødurt i den andre ovnen. Det vert sanka inn, rista/skylt, lagt på brett og tørka i ovnen på 45 grader i 12-24 timar. Grunnen til at eg ikkje har ovnen på meir enn 45 grader, er for å ta vare på smak og farge.

Når dette er gjort, vert dei lagt på glas med tette lokk etter at dei har kjølt seg litt ned.

Kva brukar eg mjødurt til?
Mjødurt har ein mandelaktig smak og luktar ganske sterkt. Eg lagar mjødurtsukker av det, som kan nyttast til baking og liknande i staden for vaniljesukker. Ellers er mjødurt godt i te, gjerne blanda med andre urter. Mjødurt kan og brukast til saft, sorbet og sirup. Mjødurt er kjend for å ha smertestillande og betennelsesdempande verknad, grunna at den inneheld acetylsalisylsyre. Mjødurt e rrik på C-vitamin.

Safting av bær

Bær som ein plukkar i løpet av sommaren kan gjerne puttast i frysen for bearbeiding når veret passar til det. I saft kan det ofte vere godt å blande fleire sortar bær. Eg har saft kokar som eg nyttar til dette. Eg likar best å sukre etter at safta er ferdig dampa av, då har eg best kontroll på kor mykje sukker det er i safta i forhold til mengde. Kor mykje sukker ein treng, varierar ut frå kor sure/søte bæra er. Eg brukar vanlegvis mellom 200-300 gram sukker på ein liter saft som ikkje er utblanda. Denne gongen blanda eg ripsbær(mest av dette) og bringebær og hadde i omlag 250 gram sukker pr liter saft. Sjølv om det er ein del sukker i saft, er dette mykje sunnare enn å drikke brus og linande. Alle dei gode antioksidantane kan vege opp for bruken av sukker i safta. Når safta er ferdig dampa av og eg har målt opp kor mykje saft det er, veg eg opp sukker og blandar alt i ein stor kjele. Deretter kokar eg opp medan eg rører innimellom. Når det begynner å koke, vil det komme skum på toppen av safta. Dette skummar eg av slik at eg får vekk ureinheitene i safta, og får ei klar og rein saft. Til dette kan du bruke ei lita tesil eller ei skei. Deretter slår eg av plata og fyller på reine flasker. Eg frys ofte ein del av safta på plastflasker. Då må safta kjøle seg ein del ned, før du har ho på flasker. Dette for at flaskene ikkje skal smelte.

Så er det berre å nyte dei gode smakane! Bon apetitt! 🙂

2 thoughts on “Tørking av urter og saftkoking

  1. Heisann og takk for at du fant meg på nett så eg kunne finne deg og den herlige sida di her 🙂
    Eg linker til deg frå meg eg for hit kjem eg tilbake.
    No blei eg inspirert til å tørke urtene mine som eg held på å etablere i kjøkkenhagen min 🙂
    Takk for titten!

    Mvh
    Unni
    i Sjarmhagen

Legg igjen en kommentar til Hallbjørg Avbryt svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *