Ramsløksblomstrane er vakre og stjerneforma Blada liknar på liljekonvallblad, men er litt tynnare i tjukkelse. I tillegg luktar det ei sterk løklukt av blada.
Kvart einaste år dukkar ramsløken trufast opp på dei faste ramsløkstadane. I midten av mai/starten av juni er det berre å fråtse i denne fantastiske, ville og utruleg smaksrike planta. Dette berre må ein ha - kvart år!
Ramsløken vert ofte omtalt som Norden kvitløk og trivst best der det er litt skugge under trea i skogkanten. Ofte vil det vere ein liten bekk eller vasskjelde i nærleiken. Ramsløken er vanskeleg å ta feil av grunna lukta - det luktar ei strek løklukt der ramsløken veks. Det er ei plante som liknar litt, og som vi skal passe oss for å ikkje ta feil av - liljekonvall. Liljekonvallen har like, men litt tjukkare blad. Og blomstrane er ulike. Liljekonvallen sine blomstrar er klokkeforma, medan ramsløken har meir stjerneforma blomster. I tillegg har liljekonvallen ei sterk parfymeduft, mot ramsløken si kraftige løklukt. Ramsløken er ei sesongplante, så om ein vil nytte den, bør den plukkast og foredlast i mai/juni.
Når du skal plukke ramsløk, er det lurt å ha ei saks og ei korg (evt. pose eller anna behaldar). Ein ting til som er viktig, er å skylje ramsløken godt når du kjem heim. Det kan vere lurt å la den ligge i kaldt vatn ein times tid for å løyse opp. Deretter pleier eg å køyre ramsløken i salatslynga for å få ut vatnet. Så er det berre å setje i gang med matlaginga.
Og du kan lage mykje godt av ramsløk. Eg vil her vise og fortelje korleis du lagar ramsløkssalt, ramsløkspesto og ramsløkssmør. Men bruksområdet er mykje vidare enn dette, så her er det berre å bruke fantasien!
Ramsløkssalt
Ingrediensar:
2 fulle brett med ramsløksblad
6 ts maldonsalt
Når du skal lage ramsløkssalt, er første skritt etter at den er plukka og skylt, å tørke den. Her er varmluftsovn perfekt. Om du ikkje har varmluft, kan du bruke vanleg steikovn, men då er det lurt å setje skaftet av ei sleiv eller liknande mellom ovnsdøra og ovnen. Dette for å få ut fukten når ein tørkar. Eg fordeler ramsløksblada på eit eller fleire brett og set det i ovnen på varmluft på 45 grader. Det er viktig å ikkje ha for høg temperatur dersom ein ynskjer å behalde farge og smak. Eg set bretta inn i ovnen og let dei stå i omlag eit halvt døgn, til ein kjenner at dei er heilt tørka.
Deretter puttar ein den tørka ramsløken i ein foodprosessor, blender eller miksebolle til stavmiksar. Her må du fylle på meir etterkvart. Så knuser ein dei tørka ramsløkblada så fint ein greier, før ein tilsett maldonsalt. Her er det viktig å smake til. Om det vert for salt, kjenner ein ikkje smaken av ramsløken lengre. Ein begynner difor med litt, og tilsett heller meir etterkvart om det trengst. Så er det mose saltet saman med dei mosa, tørka blada, og vipps så har du laga deg eit nydeleg urtekrydder du kan ha i glas med lokk og nyte resten av året.
Fordel blada jamt utover steikebrett Tørk i varmluftsovn i omlag eit halvt døgn Ferdig tørka blad Fyll i blender eller foodprosessor Mos og fylle etter meir blad etterkvart Ferdig mosa - så mykje vart det av 2 steikebrett fulle i blad Ha i salt før du mosar igjen Ferdig mosa og nydeleg ramssløkssalt
Ramsløkspesto
Ingrediensar:
60 gram friske ramsløksblad
Omlag 1 dl kaldpressa rapsolje
3 ss pinjekjernar og/eller solsikkekjernar
40 gram parmesan
1 lime
Maldonsalt
Vask og skyll ramsløksblada. Prøv å få av mesteparten av vatnet. Det første du startar med er å riste pinje/solsikkekjernane lett på ei tørr steikepanne til dei får ein gylden farge. Dette gjev ein litt nøtteprega smak på kjernane. Deretter kan det vere lurt å rive parmesanosten slik at den er klar. Putt blada i ein foodprosessor, blender eller miksebolle til stavmiksar. Her må du fylle på meir etterkvart. Så mosar du blada så godt du greier, før du tilsett olje, limesaft, salt og rista pinje/solsikkekjernar. Derettter mosar du vidare til du får ein fin puré, før du tilsett parmesanen og mosar vidare. Smak på pestoen, og tilsett meir salt eller lime ved behov. Det er betre å ha for lite enn for mykje salt slik at smaken ikkje forsvinn. Om du skal oppbevare det over lengre tid er det lurt å legge det på reine glas, eit lokk med olje over pestoen, og deretter skru på tett lokk. Kan oppbevarast lenge i kjøleskap på denne måten.
Vaska og skylte blad Putt i blender, mos og etterfyll Når du har fått mosa det så mykje, kan du fylle på med resten Pinje og solsikkekjernar før risting Det er lurt å bruke ei tørr jarnpanne når du skal riste, den toler mykje varme. Ferdig rista kjerner Riven parmesanost Putt parmesan i til slutt og mos i saman. Smak deretter til med meir salt og limesaft ved behov Om du skal oppbevare det over lengre tid er det lurt å legge eit lokk med olje over pestoen Ferdig ramsløkspesto
Rasmløkssmør
Ingrediensar:
300 g godt smør (eg brukar vanleg meierismør)
1 sitron
60 g friske ramsløksblad
Maldonsalt
Vask og skyll ramsløksblada. Prøv å få av mesteparten av vatnet. Legg smøret i bitar på kjøkkenbenken ei stund før du skal lage ramsløkssmøret, slik at det rekk å bli mjukt. Putt blada i ein foodprosessor, blender eller miksebolle til stavmiksar. Her må du fylle på meir etterkvart. Mos så fint du greier. Deretter puttar du dei mosa blada i ein bolle saman med smør, sitronsaft og salt. Start med 2 ts maldonsalt først, og smak til etterkvart. Mos alt saman godt med stavmiksar til alt er mosa godt saman. Ramsløkssmøret får ein nydeleg lysegrøn farge. Når du lagar så mykje, kan du fryse ned det du ikkje brukar slik at du kan bruke dette seinare på året. Eg pleier å fryse dette ned i matpapirrullar. Eg legg då ei ca 3 cm brei og høg remse med ramsløkssmør på eit matpapir og rullar i saman. Det er lurt å lage fleire slike rullar. Deretter legg du rullane i ein pose og prøver å få ut så mykje luft som mogleg før du stenger igjen posen for å fryse den ned.
Ferdig skylte blad Mos i blender og etterfyll Smøret må stå på benken i bitar ei stund før du startar Putt alle ingrediensane saman med dei mosa blada i ein bolle. Mos med stavmiksar Ferdig ramsløkssalt Ramsløkssmør lagt på bakepair for å rullast Rullar med ramsløksmør klar for å puttast i lufttett pose i frysen
Lukke til med ramsløkssesongen! Og hugs - du kan la det vere att litt til nestemann som kjem for å plukke 😉
