Markdekking – litt jobb til mykje glede
Markdekking, og kalt jorddekking, er heilt genialt og bør prøvast! Graset er ein kjemperssurs i denne samanhengen. Det gjev god næring til jorda samtidig som det beskytter mot ugras, held på fuktigheiten og regulerer varmen i jorda.

Markdekking, og kalt jorddekking, er heilt genialt og bør prøvast! Eg prøvde det for første gong i fjor, og vart overraska over kva effekt dette hadde på plantene, og ikkje minst jorda! Dette året har eg utvida åkeren ein god del frå i fjor, og målet er å markdekke heile åkeren. Det tek litt tid og krev litt arbeid - spesielt i starten. Men det er verdt strevet - utan tvil!

Men kva er markdekking?
Når du markdekker, legg du på biologisk nedbrytbart materiale. Det kan vere gras, halm, ull og ugras du lukar. Også aviser kan brukast, men desse bør leggast i bløyt ei stund først. Eg har valt å bruke gras. Graset er uansett eit overskotsmateriale når ein slår graset, og må kastast ein plass. Ja, du kan bruke det i komposten, men kvifor ikkje bruke det direkte på jorda som markdekke? Graset er ein kjemperssurs i denne samanhengen. Det gjev god næring til jorda samtidig som det beskytter mot ugras, held på fuktigheiten og regulerer varmen i jorda. Ja, for det er det som skjer når du markdekker. Det vert veeeldig mykje mindre ugras, du tilfører jorda næring, plantene treng mindre vatn og det er med å varme opp jorda.

Og eg skal love deg at du kjem til å merke det på plantene! Du må legge på meir gras etterkvart som graset "krympar" og meitemarken trekker det ned i jorda.

Bileta under er frå årets nye åker, så plantene er enno små. Ein ser ein at dekket har ulike fargar. Årsaka til dette er at det er lagt på til ulik tid. Eg legg på dekke heile tida, og det nyaste dekket vil vere grønt i fargen.

Kva skjer når du markdekker?

Det blir mindre ugras:
Når du dekker til jorda, blir det verre for ugrasfrø å spire, i tillegg til at det vert mørkt og utriveleg under dekke for ugraspirane. I tillegg hindrar markdekke ugrasfrø å komme ned i jorda.

Det regulerer temperaturen i jorda:
Dekket verkar som isolasjon som gjev mykje jamnare temperatur gjennom døgnet. Det held på varmen om natta slik at jorda ikkje vert kald.

Held på fuktigheiten:
Vatnet fordampar ikkje så mykje når du brukar markdekke, og du treng difor ikkje vatne så mykje.

Gjev næring til jorda:
Meitemark og mikroorganismer omdannar grasklyppet til næring, så dette er god og gratis gjødsel til jorda. Om du driv med dette over lengre tid, vil det føre til langvarig og god jordforbetring.

Og ikkje minst, du brukar overskotsmaterialet til noko nyttig!

Men husk at du fortsett må tilføre jorda næring. Gode alternativ her er brenneslevatn, utblanda bokashivæske eller hønsegjødsel.

Det er berre å starte! Lukke til! 🙂

5 thoughts on “Markdekking – litt jobb til mykje glede

  1. Hei
    Kjekt å sjå at det er fleire sogningar som er heilfrelst på økologisk dyrking av bær, frukt og grønsaker.
    Oppdaga deg via ein artikkel i Sogn Avis og fann bloggen din.
    Eg dyrkar i eigen hage på eit mål jord der eg har gjort plen om til grønsaksbed og har eit 18m2 drivhus for tomater, agurk og paprika/chili.
    Eg kjem til å fylje med på bloggen din framover.
    Flotte bilete og frodige grønsaker👍
    Lukke til med sesongen.

    Mvh
    Bente

    1. Takk for det Bente :)Så kjekt å høyre frå andre som har samme interessa! Hadde vore kjekt å treft deg og sett det du har! Kjekt at du har lyst til å fylje bloggen 🙂

      1. Takk for det. Etter det eg kan sjå på bloggen din, driv eg i mykje mindre skala enn du og har vel ikke all verden å syne. Men det er givande og kjekt og spesielt no under pandemien har det hatt mykje å bety når eg har så og seia vore isolert frå omverda.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *