Denne helga har vore brukt til diverse sysler i hagen. Tomatane har komme over i store plantespann der dei skal stå resten av sommaren og agurkane er komne i kassane sine - i eige agurkdrivhus;) Åkeren er laga klar til utplanting og såing - berre i påvente av eit gjerde mot hjorten. For det treng vi fortsett sjølv om vi er komne til midten av mai. Og georgineknollane er komne i jorda for å stå der vakre med flotte fargar til hausten. Og så fekk vi henta/kjøpt oss 4 pallekarmar til som skal brukast til jordfabrikk og varmebenk til neste vår. Flott å kunne bruke slikt som elles ville blitt kasta.
Det er dette som er så kjekt med å drive på og jobbe i hagen - det å heile tida sjå, følge med og jobbe med den forandringa og utviklinga som heile tida skjer i hagen. Det gjev slik glede å sjå plantene vekse seg store - frå små frø, og deretter gje avling som igjen kan brukast i matlaging. Det er det som gjer at eg synst at hagearbeid er så kjekt - eg får så utruleg mykje attende.
Og så er det kjekt med gode hjelparar. Mannen min som er kreativ og løyser det meste, helgas store helt i bygda som tek på seg jobben med å frese åker med kommentaren - "det kan eg vel gjer, skal eg komme no?" Fantastisk med slike flotte folk rundt seg!
Og så er det den lukta - lukta av tomatplanter, av gras og av jord. Eg trur lukta av jord må vere ei av dei beste eg veit. Lukta av jord betyr vår - og sommar, og ikkje minst liv. Eg kjenner at den lukta gjev meg fred i sjela.
Og så er den intense grønfargen som er no på våren - som signaliserar liv - som gjev energi. Det er berre så vakkert! Akkompagnert av fuglekvitter og lyden av fossen som buldrar smeltevatn i nærleiken - vakkert!
Når eg plantar om plantene til plantespann, har eg først bora et hol omlag 5 cm opp frå botn av potta. Til tomtane brukar eg 20 liters spann. I botn av potta, opp til holet som er bora, legg eg Lecastein. Lecasteinane sug til seg væte og verkar difor som eit vassdepo for plantene. Over Lecasteinane legg eg fiberduk slik at røtene på plantene ikkje skal skal gå ned i botn og drukne om det vert litt vatn der. Opp på der legg eg Bokashi-jord frå jordfabrikken. Om varmkomposten hadde vore teken ut og fått lufta seg nokre veker, hadde også den blitt lagt opp i potta. Denne gongen rakk eg ikkje det. Og varmkomposten kan ein ikkje ta oppi før den er lufta ferdig - ellers får ein seg ei lei overrasking.... Opp på Bokashien fyller eg hønsemøkk eller hønsegjødsel/pellets. Deretter rører eg godt rundt og får blanda alle dei gode hjelparane godt i saman. Så ordnar eg ei passe grop som eg set planta oppi. Deretter fyller eg på med naturgjødsla jord. Så er det å plassere plantespannet med tomatplanta der eg vil ha den.
Leca-stein i botn under holet som er bora Fiberduk oppå Leca-steinen Bokashi-jord Jord iblanda hønsegjødsel Hønsepellets Slik bør røttene på planta shjå ut når ein plantar om Naturgjødsla plantejord Ferdigplanta tomatplante Ferdigplanta agurkplante Påkopla vatningsanlegg Apparat for justering av vatning Dysene til kvar plante
Når alle plantene er plassert, legg eg opp og koplar til det automatiske vatningsanlegget. Eg er veldig nøgd med det eg kjøpte i fjor som er styrt av lyssensor. Eg stiller inn om det skal vatn ved solnedgang og /eller soloppgang. Eg stiller inn dysene på kvar plante for kor mykje det skal dryppe, kor lenge det skal vatne kvar gong, om det skal vatne kvar dag eller kvar 2, 3 eller 4. dag. Dette gjer at det lett kan brukast heile sesongen. Og holet i potta sikrar at planta ikkje vert overvatna. Om eg ser at det kjem for mykje vatn slik at det renn ut, må eg juster vatninga. Vatninga må og justerast litt i løpet av sommaren, som følge av temperatur og storleik på plantene.
Agurkane har fått sitt eige drivhus. Dei får stå i det gamle drivhuset, der vi reparerte dei knuste rutene i helga. Rutene vart erstatta med plexiglas, noko som fungerer bra. Der er det eit perfekt klima for agurkane med akkurat passe grad av fukt. I det nye drivhuset skal tomatane, chiliane, paprikaene og auberginane stå. Agurkane er allereie no klare for å klatre, så desse har fått seg oppheng til dette.
Så er det berre å vente på å sjå - og glede seg over utviklinga framover på plantene 🙂
Fantastisk, så flink og interessert du er, jenta mi!!!
Takk for det 🙂